Nesleslekta
planteslekt
(Omdirigert frå Nesle)
Nesleslekta (Urtica)[1] er ei planteslekt i neslefamilien. Plantane i slekta kan «brenna» om ein rører blada eller stenglane deira, og dei er derfor ofte kjende som brennesler, brenn-nesler og brennenesler. Slekta omfattar rundt 50 artar.[2]
Nesleslekta | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Infrarike: | Streptophyta |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Roseordenen Rosales |
Familie: | Neslefamilien Urticaceae |
Slekt: | Nesleslekta Urtica L., 1753 |
Nesler har motsette, grovtagga blad og lysegrøne blomar som heng i knippe frå bladhjørna. Stengel og blad har brennhår som sprøyter ut ei giftig væske når den skjøre, glasaktige spissen blir broten av.[2]
I Noreg veks to nesleartar, stornesle (U. dioica) og smånesle (U. urens).[2]
Artar
endreDet finst ei lang rekkje artar ein har plassert innan nesleslekta, men mange av desse er synonym, særleg for stornesle, som har fleire underartar.[3]
Artar i nesleslekta med naturlege hovudutbeiingsområde:
- Urtica andicola Webb
- Urtica angustifolia Fisch. ex Hornem. Kina, Japan, Korea
- Urtica ardens Kina
- Urtica aspera Petrie Sørøya på New Zealand
- Urtica atrichocaulis Himalaya, sørvestlege Kina
- Urtica atrovirens vestlege middelhavsland
- Urtica australis Hook.f. Sørøya på New Zealand og kringliggande subantarktiske øyar
- Urtica cannabina L., vestlege Asia frå Sibir til Iran
- Urtica chamaedryoides (heartleaf nettle), søraustlege Nord-Amerika
- Urtica dioica L. 1753 (stornesle eller brennesle), Europa, Asia, Nord-Amerika
- Urtica dioica subsp. galeopsifolia Wierzb. ex Opiz (fen nettle eller stingless nettle), Europe. (Av og til rekna som eigen art, Urtica galeopsifolia.)
- Urtica dubia (large-leaved nettle), Canada
- Urtica ferox G.Forst. (ongaonga eller tree nettle), New Zealand
- Urtica fissa China
- Urtica gracilenta (mountain nettle), Arizona, New Mexico, vestlege Texas, nordlege Mexico
- Urtica hyperborea Himalaya frå Pakistan til Bhutan, Mongolia og Tibet i høgda
- Urtica incisa Poir (scrub nettle), Australia, New Zealand
- Urtica kioviensis Rogow. Aust-Europa
- Urtica laetivirens Maxim. Japan, Nordaust-Kina
- Urtica linearifolia (Hook.f.) Cockayne (creeping eller swamp nettle), New Zealand
- Urtica mairei Himalaya, sørvestlege Kina, Nordaust-India, Myanmar
- Urtica massaica Africa
- Urtica membranacea Poir. ex Savigny middelhavsland, Azorane
- Urtica morifolia Poir. Kanariøyane (endemisk)
- Urtica parviflora Himalaya (lågare område)
- Urtica peruviana D.Getltman Peru
- Urtica pseudomagellanica D.Geltman Bolivia
- Urtica pilulifera (Roman nettle), Sør-Europa
- Urtica platyphylla Wedd. Kina, Japan
- Urtica procera Mühlenberg (tall nettle), Nord-Amerika
- Urtica pubescens Ledeb. sørvestlege Russland aust til Sentral-Asia
- Urtica rupestris Sicilia (endemisk)
- Urtica sondenii (Simmons) Avrorin ex Geltman nordaustlege Europa, nordlege Asia
- Urtica taiwaniana Taiwan
- Urtica thunbergiana Japan, Taiwan
- Urtica triangularisa
- Urtica urens L. (smånesle), Europa, Nord-Amerika
Kjelder
endre- ↑ «Slekt Urtica L.». Artsdatabanken. Henta 25. november 2017.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 «nesle» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ «The Plant List: Urtica». Royal Botanic Gardens, Kew and Missouri Botanic Garden. Henta 6. september 2016.
- Denne artikkelen bygger på «Stornesle» frå Wikipedia på bokmål, den 25. november 2017.