Stornesle
Stornesle
Stornesle
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Roseordenen Rosales
Familie: Neslefamilien Urticaceae
Slekt: Nesleslekta Urtica
Art: Stornesle U. dioica
Vitskapleg namn
Urtica dioica

Stornesle (Urtica dioica)[1] er ein fleirårig plante i nesleslekta som er kjend for «brennande» blad og stengel. Planten er også kjend som brennesle, brenn-nesle og brennenesle.

Skildring

endre
 
Blomane til ein hannplante.
 
Blomane til ein hoplante.

Brennesle blir om lag 30–200 cm høg. Ho har motsette, grovtagga blad og lysegrøne blomar som heng i knippe frå bladhjørna. Stengel og blad har brennhår som sprøyter ut ei giftig væske når den skjøre, glasaktige spissen blir broten av.[2]

Blomestanden er opprett. Det finst ulike hann- og hoplanter av nesla.[2]

Brennesle veks på næringsrik jord, og er ein indikatorplante for nitrogenrik jord.

 
Gaudaost med nesle.

I mat

endre

Brennesle kan etast og er blitt brukt til suppe, stuing og som krydderurt. Ho kan også brukast til ulike retter som polenta, pesto og puré.[3]

I albansk matlaging er unge nesleblad ein del av fyllet i börek, saman med andre urter og ris.[4][5] I gresk matlaging bruker ein unge blad på liknande vis, som fyll for hortopita, ein variant av spanakopita der ein bruker ville vekstar i staden for spinat til fyll.[6]

Nesle er også brukt ein del til ost, mellom anna til ostetypen Cornish Yarg[7] og til å smaksetja visse typar gaudaost.[8]

Folkemedisin

endre

I folkemedisinen har nesle vore brukt som middel mot mange sjukdommar. I Hardanger blei til dømes avkoket brukt mot utvendig kløe og hundebitt, rota mot tannverk, og pulverisert til strøpulver på sår. Innvendig blei avkoket tke for brystverk, astma, hoste og fleire sjukdommar.[2]

For å nytta nesla til mat eller medisin kan ein samla plantedelar med saks og plastpose, eventuelt med hanskar. Brenninga forsvinn etter kontakt med kokande vatn.[9]

Tekstilfiber

endre

Dei sterke, tynne bastfibrane i plantestenglane har vore brukt til å laga nett, lette tørkle og stivare nettelduk.[2] Det er også gjort funn av at ein i bronsealderen mellom anna brukte nesle til å laga kledeplagg.[10]

Kompost

endre

Ein kan også utnytta mineralinnhaldet ved å bruka planten til kompostering eller nesleuttrekk.

Kjelder

endre
  1. «Art Urtica dioica L.». Artsdatabanken. Henta 25. november 2017. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «nesle» i Store norske leksikon, snl.no.
  3. 1069 Recetas de Cocina Arkivert 2013-02-05 ved Archive.is (No 423). Wattpad.com (12. mai 2010). Henta 3. juli 2012.
  4. «Byrek me hithra» (på Albanian). Hermes News. 19. mars 2012. Henta 14 May 2017. 
  5. «Byrek me hithra» [Recipe: Nettles Pie] (på Albanian). 13. februar 2013. Arkivert frå originalen 2. juli 2017. Henta 14. mai 2017. 
  6. «What’s In Your Horta?». Greek Cooking. GreekBoston. Henta 14 May 2017. 
  7. «Lynher Dairies Nettles & Garlic». Lynherdairies.co.uk. Arkivert frå originalen 19. oktober 2012. Henta 5. juli 2010. 
  8. «Gouda Cheese with Stinging Nettles: Cooking Terms». RecipeTips.com. Henta 5. juli 2010. 
  9. Lysebraate, Inger Anne (1903-1999) (1973). Viltvoksende salatplanter. Nyttevekstforeningen. 
  10. Bergfjord, C., Mannering, U., Frei, K. mfl. (2012). «Nettle as a distinct Bronze Age textile plant». Scientific Reports 2 (664). doi:10.1038/srep00664. 

Litteratur

endre

Bakgrunnsstoff

endre