Netta Barzilai

Netta Barzilai (fødd 22. januar 1993), også kjend under artistnamnet Netta, er ein israelsk songar.[1] I mai 2018 vart ho internasjonalt kjend då ho vann Eurovision Song Contest med songen «Toy».

Netta Barzilai
Netta Barzilai - Eurovision 2018 - 2 (cropped 2).jpg
Fødd22. januar 1993 (29 år)
FødestadHod HaSharon
OpphavIsrael
Aktiv2016–
Sjangerpop
Instrumentgitar, synthesizer, live looping
Verka sommusikar, singer-songwriter, DJ, songar
PrisarVinner av Eurovision Song Contest, ACUM award

BakgrunnEndra

Barzilai vart fødd i Hod HaSharon i Israel i 1993, og ho bur framleis i byen. Ho kjem frå ein georgisk familie, og som barn flytta ho og familien til Nigeria. Der budde familien i fire år før dei vende tilbake til Israel.[1]

Før ho starta obligatorisk fyrstegongsteneste i det israelske forsvaret, hadde ho eit tenesteår i Nahal og tenestegjorde seinare saman med Det israelske marinebandet.[2]

Etter vidaregåande og militærteneste studerte Barzilai elektronisk musikk ved Rimon School of Music, og i 2016 var ho med på å starte improviasjons-vokalensemblet The Experiment som turnerte over heile Israel. Ho hadde òg hovudrolla i teateroppsetninga Running on the Sea.[3]

Eurovision Song ContestEndra

I 2018 deltok Barzilai i femte sesong av den israelske talenttevlinga HaKokhav HaBa (norsk: den neste stjerna), og vann tevlinga i februar 2018. Gjennom sigeren vart ho den israelske representanten til Eurovision Song Contest 2018 i Lisboa i mai 2018.[4][5][6]

11. mars vart det klårt at Barzilai skulle deltake i Eurovision Song Contest med songen «Toy», og bidraget vart raskt favoritt blant spelselskapa til å vinne tevlinga.[7] Fram mot tevlinga heldt ho på favorittstempelet, men i dagane før finalen laurdag 12. mai, låg ho på andreplass på bettinglistene, bak kypriotiske Eleni Foureira og «Fuego».

Israel kvalifiserte seg til finalen etter å ha vunne semifinale 1, og i finalen vann Barzilai til slutt avrøystinga med 529 poeng – 317 poeng frå sjåarane og 212 poeng frå juryane. Dette var den fjerde sigeren til Israel i Eurovision Song Contest.[8][9]

DiskografiEndra

SinglarEndra

År Song
2018 «Toy»
2019 «Bassa Sababa»[10]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 «Netta Barzilai: 10 facts about Israel’s Eurovision 2018 singer | wiwibloggs». wiwibloggs (på engelsk). 31. mars 2018. 
  2. «Netta Barzilai from "The Next Star": "As a fat girl I just wanted to be normal"». Walla! culture (på hebraisk). 12. februar 2018. 
  3. «Destination Lisbon (#5): Meet Netta Barzilai from Israel - Eurovision Song Contest Lisbon 2018». Henta 28. mars 2018. 
  4. «Netta Barzilai to represent Israel in Lisbon!». Eurovision.tv. 13. februar 2018. 
  5. Farren, Neil (13. februar 2018). «Israel: Netta Barzilai to Eurovision 2018». Eurovoix. 
  6. Welsh, Eleanor (13. februar 2018). «Israel: Netta Barzilai wins The Next Star 2018 and goes to Lisbon!». ESCToday. 
  7. Netta Barzilai to sing Toy in Lisbon Arkivert 2018-02-26 ved Wayback Machine. escchat.com 25. februar 2018
  8. «Israel vant Eurovision». VG.no (på norsk). 13. mai 2018. 
  9. «Eurovision 2018 Results: Voting & Points». Eurovisionworld (på engelsk). 13. mai 2018. 
  10. «Netta releases new single "Bassa Sababa", her first since winning Eurovision 2018». 1. februar 2019. Henta 12. februar 2019.