Neve Shalom-synagogen i Istanbul

Neve Shalom-synagogen (hebraisk נְוֶה שָׁלוֹם nəve šālōm, ‘fredslunden’; tyrkisk skrivemåte Neve Şalom) i Istanbul er ein sefardisk synagoge i Beyoglu-distriktet i Istanbul i Tyrkia.

Neve Shalom-synagogen i Istanbul

StadGalata i Istanbul
Kart
Neve Shalom-synagogen
41°01′36″N 28°58′21″E / 41.026694444444°N 28.972416666667°E / 41.026694444444; 28.972416666667

Etter at den jødiske befolkninga i dei gamle Pera- og Galata-distrikta (i dag samanslegne under namnet Beyoglu-distriktet) voks frå slutten av 1930-talet av, vart ein jødisk barneskule riven i 1949 for å byggje ein ny synagoge, og denne stod ferdig i 1951. Arkitektane Elyo Ventura og Bernar Motola, to unge tyrkiske jødar, stod for utforminga av synagogen. Vigslinga fann stad med den daverande tyrkiske overrabbinaren Rafael Saban til stades på søndag den 25. mars i 1951 — som svarar til 17. adár II år 5711 etter jødisk tidsrekning.

Neve Shalom er den største sefardiske synagogen i Istanbul og følgjer ortodoks jødedom. Han held gudstenester hovudsakleg på sjabbát, dei høge helgedagane og i samband med bar misvá-feiringar, gravferder og bryllaup.

Terroråtak endre

Neve Shalom-synagogen har vorte utsett for tre terroråtak:

  1. 6. september 1986 - 22 menneske drepne; truleg utført av Abu Nidal.[1][2][3]
  2. 1. mars 1992 - handgranatangrep, ingen drepne; truleg utført av den tyrkiske greina av Hizbollah.[4]
  3. 15. november 2003 - om lag 15 menneske drepne.[4]

Kjelder endre

  1. Arsu, Sebnem; Filkins, Dexter (November 16, 2003). «20 in Istanbul Die in Bombings At Synagogues». The New York Times. Henta May 20, 2010. 
  2. Reeves, Phil (August 20, 2002). «Mystery surrounds 'suicide' of Abu Nidal, once a ruthless killer and face of terror». The Independent (London). Henta May 20, 2010. 
  3. «Bombings at Istanbul Synagogues Kill 23». Fox News. November 16, 2003. 
  4. 4,0 4,1 «Neve Şalom'a ilk saldırı değil (Not the first attack on Neve Shalom)» (på tyrkisk). Hürriyet daily website. 15. november 2003. Henta 17. april 2008. 

Bakgrunnsstoff endre