New Super Mario Bros. 2
New Super Mario Bros. 2 er eit todimensjonalt plattformspel i New Super Mario Bros.-serien, utvikla og utgjeve av Nintendo til Nintendo 3DS i 2012. Det er det tredje spelet i serien, ein direkte oppfølgjar til Nintendo DS-spelet New Super Mario Bros. frå 2006, og det første spelet publisert av Nintendo som vart utgjeve samtidig innan digital og fysisk distribusjon.[1]
New Super Mario Bros. 2 | |||
| |||
Utviklar(ar) | Nintendo EAD | ||
---|---|---|---|
Utgjevar(ar) | Nintendo | ||
Distributør | Nintendo eShop | ||
Produsent(ar) | Takashi Tezuka | ||
Serie | Super Mario, New Super Mario Bros. | ||
Plattform(er) | Nintendo 3DS | ||
Utgjeving | JP: 28. juli 2012 EU: 17. august 2012 NA: 19. august 2012 | ||
Sjanger | Plattform | ||
Spelemodus | fleirspelar, einspelar, samarbeid | ||
Aldersgrense | PEGI 3 | ||
Nettstad | http://www.nintendo.co.jp/3ds/abej/ | ||
Del av serien Super Mario, New Super Mario Bros.⠀ | |||
←Super Mario 3D Land, New Super Mario Bros. Wii⠀ · New Super Mario Bros. U, New Super Mario Bros. U→ |
Handlingsgangen i spelet liknar forgjengarane og fokuserer på Mario og Luigi som skal redde prinsesse Peach frå Bowser og lakeiane hans. Det strekker seg over 9 verder med totalt 85 nivå, nokre av dei med fleire utgangar som leier til ulike ruter og nivå. New Super Mario Bros. 2 legg større vekt på å samle myntar enn andre Super Mario-spel, med fleire unike oppgraderingar og hjelpemiddel dedikert til å produsere store kvantum av myntar. Spelet inkluderer ein modus kalla «Coin Rush» som utelukkande fokuserer på å raskt fullføre seriar av nivå medan ein samlar inn så mange myntar som mogeleg. Ytterlegare Coin Rush-nivå vart gjorde tilgjengelege som betalt innhald kort etter utgjevinga av spelet.[2]
New Super Mario Bros. 2 fekk hovudsakleg positiv kritikk, men nokre påpeikte at spelet var for likt dei tidlegare New Super Mario Bros.-spela. Det er det femte mestseljande spillet til Nintendo 3DS, med 13,34 millionar selde kopiar per 31. mars 2020.[3] Spelet har ein Metascore på 78 %, som gjer det til det lågast rangerte spelet i Super Mario-serien.[4]
Kjelder
endre- ↑ «Nintendo-published 3DS, Wii U games downloadable on release day». Eurogamer. 27. april 2012. Henta 15. oktober 2020.
- ↑ «New Super Mario Bros. 2 DLC detailed». Eurogamer. 28. september 2012. Henta 15. oktober 2020.
- ↑ «IR Information: Sales Data - Top Selling Title Sales Units - Nintendo 3DS Software». Nintendo. 30. juni 2019. Henta 15. oktober 2020.
- ↑ «New Super Mario Bros. 2 for 3DS Reviews». Metacritic. Henta 15. oktober 2020.