Opna hovudmenyen

Bowser (クッパ, Kuppa på japansk), tidlegare kjend som Kong Koopa, er hovudskurken i Mario-spela frå Nintendo. Han blei skapt av Shigeru Miyamoto og opptrådde fyrst i NES-spelet Super Mario Bros. som blei utgitt i 1985 i Japan og USA.

UtsjånadEndra

Bowser sitt utsjånad tar utgangspunkt i ein gigantisk monster skjelpadde som står på bakbeina. Han har nagleringar rundt armane og skjelettet på ryggen er dekt av piggar. Ein annan karakteristikk er det raude håret og markerte augebrynene, og ikkje minst horna plassert på kvar side av Bowsers hovud.

  Denne dataartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.