New Zealand-krigane

Maorikrigane eller New Zealand-krigane var ei rekkje konfliktar på New Zealand frå 1845 til 1872 mellom dei britiske kolonistyresmaktene og maoriar. Konfliktane enda med siger for kolonimakta, som konfiskerte 16 000 km2 (6 200 sq mi) maoriland.

Minnesmerke i Auckland War Memorial Museum over alle dei som døydde i New Zealand-krigane. «Kia mate toa» kan omsetjast som 'kjemp til døden' eller 'ver sterk i døden', og er mottoet to; Otago and Southland-regimentet i den newzealandske hæren. Flagga er frå Gate Pā og det britiske Union Jack.

Krigane byrja som lokale konfliktar over omstridde landoppkjøp. Dei auka dramatisk frå 1860, då styresmaktene blei overtydde om at dei blei møtt av sameint maorimotstand mot vidare sal av land og motstand mot å anerkjenna suvereniteten til den britiske krona. Kolonistyresmaktene henta inn tusentals britiske soldatar for å kjempa mot Kingitanga-rørsla, eit forsøk frå maoriane på å sameina seg under ein konge for å stoppa overtakinga av landet deira, og for å få kontroll over land til å bu og driva jordbruk på for britiske nybyggjarar.[1][2] I seinare felttog hadde ein som mål å slå ned den såkalla Hauhau-rørsla, ein ekstrem del av Pai Mārire-religionen, som var sterkt imot overtakinga av maoriland og ivra for å styrka maori-identitet.[3]

Under dei verste krigshandlingane på 1860-talet kjempa 18 000 britiske soldatar, støtta av artilleri, kavaleri og lokale militsar, mot rundt 4 000 maorikrigarar.[4] Britane var både talmessig og våpenmessig overlegne.[5] Maoriane klarte likevel å stå imot fienden gjennom teknikkar som omfattar artillerisikre bunkerar og bruken av strategisk plasserte befesta landsbyar () som gjorde at dei kunne blokkera frammarsjen til fiendtlege styrkar og ofte påføra dei store tap, samstundes som dei lett kunne tekka seg tilbake utan å li store tap. I seinare felttog, som ofte gjekk føre seg i tjukt plantesette område, brukte begge sider geriljataktikkar.

Vald grunna eigarskap av land braut først ut i Wairau ValleySørøya i juni 1843. Stigande spenning i Taranaki førte etterkvart til at britiske militære styrkar blei innblanda ved Waitara i mars 1860. Krigen mellom styresmaktene og Kingitanga-maoriar spreidde seg til andre delar av Nordøya, med invasjonen av Waikato i 1863–1864 som det største enkeltfelttoget. Dei siste krigshandlingane var jakta på krigsherren Riwha Tītokowaru i Taranaki (1868–1869) og geriljakjemparen Te Kooti Arikirangi Te Turuki på austkysten (1868–1872).

I løpet av Taranaki- og Waikato-felttoga gjekk liva til rundt 1 800 maoriar og 800 europearar tapt.[1] Medan maoriane opphavleg slost mot innhenta britiske troppar, utviklar dei lokale styresmaktene etterkvart sine eigne militærstyrkar som omfatta lokale militsar, skyttargrupper, spesialiserte Forest Rangers og maoriar som kjempa for styresmaktene (kūpapa). Styresmaktene reagerte også med lovar som blei brukt til å fengsla maori-motstandarar og til å konfiskera store område på Nordøya som blei selde til nybyggjarar for å finansiera krigføringa.[6][7]

Kjelder

endre
  • Belich, James (1996), Making Peoples, Penguin 
  • Dalton, B.J. (1967), War and Politics in New Zealand 1855–1870, Sydney: Sydney University Press 
  1. 1,0 1,1 King, Michael (1977). Te Puea: A Biography. Auckland: Hodder and Stoughton. s. 26. ISBN 0-340-22482-7. 
  2. Dalton, B.J. (1967). War and Politics in New Zealand 1855–1870. Sydney: Sydney University Press. s. 179. 
  3. Belich, James (1986x). The New Zealand Wars and the Victorian Interpretation of Racial Conflict (1st utg.). Auckland: Penguin. s. 204–205. ISBN 0-14-011162-X. 
  4. Belich, James (1986a). The New Zealand Wars. Auckland: Penguin. s. 126–133. ISBN 0-14-027504-5. 
  5. Belich 1986a, s. 24–25.
  6. Belich 1986a, s. 126.
  7. Dalton 1967, s. 181–182.

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: New Zealand-krigane