Taranaki
Taranaki er ein region vest på Nordøya på New Zealand. Han har fått namn etter det mest karakteristiske geografiske kjennemerket i regionen, den vulkanske fjellkjegla Taranaki.
Taranaki | |||
region | |||
Utsyn mot Mount Taranaki
| |||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Areal | 7 257 km² | ||
Folketal | 119 600 (30. juni 2018)[1] | ||
Taranaki 39°18′00″S 174°08′00″E / 39.3°S 174.13333333333°E | |||
Kart som viser Taranaki.
| |||
Wikimedia Commons: Taranaki Region |
Geografi og innbyggjarar
endreTaranaki ligg på vestkysten på Nordøya, kring vulkankjegla. Dei store havbuktene nordvest og sørvest for Cape Egmont er naturleg nok kalla North Taranaki Bight og South Taranaki Bight.
Mount Taranaki/Mount Egmont — Te Maunga O Taranaki på maori — er det dominerande landemerket i regionen. Dette er det nest høgaste fjellet på Nordøya. Maorilegender fortel at Taranaki levde saman med fjella Tongariro, Ngauruhoe og Ruapehu sentralt på Nordøya, men måtte rømma dit det står no etter ein kamp med Tongariro.
Taranaki, som er ei nesten perfekt kjegle, hadde det siste utbrotet sitt midt på 1700-talet. Sjølve fjellet og dei næraste områda kring det dannar nasjonalparken Egmont National Park.
Sjølv om maoriane hadde kalla fjellet Taranaki i fleire hundre år, gav kaptein James Cook det namnet Egmont etter John Perceval, 2nd Earl of Egmont, den nyleg avgåtte flåtesjefen, som hadde arbeida for støtte til ekspedisjonen hans. Det offisielle namnet til fjellet har sidan 1980-talet vore Mount Taranaki or Mount Egmont, for å verdsetja maorinamnet og det europeiske likt.
Regionen har ei flatevidd på 7258 km² og eit folketal på 119 600 i 2018. Like under halvdelen av desse bur i byen New Plymouth. Andre større sentera er Waitara, Inglewood, Stratford (som òg er administrasjonssenter i regionen), Opunake, Okato, Kaponga, Eltham, Hawera, Patea og Waverley—den sørlegaste byen.
I fleire hundre år har regionen vore ein viktig tilhaldsstad for maoriar. Mellom dei lokale iwiane er Ngāti Mutunga, Ngāti Maru, Ngāti Ruanui, Taranaki, Te Āti Awa, Nga Rauru, Ngāruahinerangi og Ngāti Tama.
Næringsvegar
endreRegionen er uvanleg grøderik, takk vera rikeleg nedbør og god vulkansk jord. Mjølkeproduksjon dominerer i jordbruket, og meieribruket like utanfor Hawera er det største på den sørlege halvkula. Der er også olje- og gassførekomstar i regionen, både på land og off-shore. Mauifeltet utanfor sørvestkysten har sørgt for det meste av gasstilførsla til New Zealand, så vel som, i ein periode, forsynt to metanolfabrikkar (eit tidlegare raffineri for syntetisk bensin, Gas-To-Gasolene-fabrikken) nær Waitara. Meir drivstoff og kunstgjødsel vert produsert i eit anlegg ved Kapuni. No er det klårt at Mauifeltet vert tømt snøggare enn det som var rekna med, så der er i gang undersøkingar for å finna nye reservar.
Måten landmassane stikk inn i Tasmanhavet på, med nordlege, vestlege og sørlege kystlinjer, har skapt mange framifrå stader eigna til vindsurfing og surfing, somme av dei er rekna å vera i verdsklasse.
Historie
endreOmrådet var heimstad for ei rekkje maoristammar frå 1200-talet. Frå omkring 1823 fekk maoriane kontakt med europeiske kvalfangarar, og med handelsmenn som kom til området i skonnertar for å kjøpa Phormium (ein fiberplante).[2] I mars 1828 opna handelsmannen Richard «Dicky» Barrett (1807-47) ein handelsstasjon ved Ngamotu (dagens New Plymouth).[3] Barrett og partnarane hans, som var væpna med muskettar og ein kanon, vart godt mottekne av iwien Āti Awa på grunn av det bidraget dei kunne gje stammen i dei stadige krigane mot maorifolk frå Waikato.[3] Etter ei blodig trefning ved Ngamotu i 1832, flytta dei fleste av dei 2000 Āti Awa-medlemmene[3] som budde nær Ngamotu, til like med Barrett, sørover til Kapitiområdet og Marlborough.
Seint i 1839 vende Barrett attende til Taranaki som oppkjøpsagent for New Zealand Company, som alt hadde byrja å selja land til framtidige nybyggjarar i England, med forventing om å sikra seg denne jorda. Barrett påstod at han hadde forhandla fram ein avtale om kjøp av eit landområde som strekte seg frå Mokau til Cape Egmont, og innover i landet til dei øvre tilførslene til elva Whanganui River, medrekna Mount Taranaki. Eit seinare sal omfatta New Plymouth og alt kystlandskapet i Nord-Taranaki, medrekna Waitara.
Europeisk busetnad ved New Plymouth byrja i mars 1841 med immigrantar som kom med skipet «William Bryan». Vidare europeisk utbreiing utover New Plymouth vart hindra av at māoriane nekta å selja landområda sine, ei haldning som forsterka seg etter som banda deira til rørsla King Movement vart fastare. Spenninga omkring eigarskap til landområde heldt fram med å auka, og førte til utbrot av krig kring Waitara i mars 1860. Sjølv om presset for å selja Waitaraområdet kom frå kolonistane sin hunger etter land i Taranaki, var den største saka som sette nøring til konflikten dei britiske styresmaktene sitt ønskje om å innføra britisk administrasjon, lovverk og sivilisasjon til māoriane.[4]
Krigen vart utkjempa av meir enn 3500 imperiesoldatar skipa inn frå Australia, så vel som av friviljuge soldatar og milits, mot maoristyrkar der mannskapstalet svinga mellom nokre få hundre til omkring 1500.[5] Totale tap hjå imperiestyrkane, dei friviljuge og militiatroppane er rekna til 238, medan maoriane hadde eit tap på omkring 200.
Ei utrygg våpenkvile vart forhandla fram seinare på året, berre for å verta broten i april 1863, då spenningane omkring overtaking av landområde fekk det til å koka over på nytt. Totalt 5000 soldatar slost i den andre Taranakikrigen mot om lag 1500 menn, kvinner og born. Krigsframferda denne gongen var svært ulik den i konflikten i 1860-61, ettersom arméen no tok systematisk over maoriland ved å jaga bort innbyggjarane og brukte ein «brent jords taktikk» ved å øydeleggja māoriane sine landsbyar og avlingar, anten dei var krigerske eller ikkje. Etter som troppane drog fram, bygde regjeringa stadig lengre forsvarslinjer som nybyggjararne bygde hus og starta jordbruk bak. Effekten vart ei snikande konfiskering av nesten 4 000 km² land.[6]
Den noverande hovudvegen på austsida av Mount Taranaki følgjer ruta der kolonitroppane, under leiing av generalmajor Trevor Chute gjekk, under store vanskar, frå Patea til New Plymouth i 1866.
Væpna māorimotstand heldt fram i Sør-Taranaki til tidleg i 1869, under leiing av māorihøvdingen Titokowaru, som vann attende land nesten så langt sør som til Wanganui. Eit tiår seinare starta den andelege leiaren, Te Whiti o Rongomai, som heldt til ved Parihaka, ein kampanje med passiv motstand mot styresmaktene si konfiskering av land, og dette kuliminerte i eit brutalt åtak av kolonitroppane den 5. november 1881.
Overtakingane av land, som styresmaktene på New Zealand seinare har vedgått var urettvise og ulovlege,[7] byrja i 1865, og omfatta snart heile Taranakiområdet. Byar som Normanby, Hawera og Carlyle (Patea) vart grunnlagde på konfiskert land som militære busetnadar.[8] Frigjevinga av ein rapport om desse hendingane frå Waitangitribunalet i 1996, førte til eindel debatt om saka. I ein tale til ei gruppe psykologar, samanlikna viseministeren for māorisaker, Tariana Turia, undertrykkinga av māoriane i Taraniki med Holocaust, noko som førte til kraftige reaksjonar[9] rundt om på New Zealand, med statsminister Helen Clark blant dei som kritiserte samanlikninga.
Administrasjon
endreProvinsstyre
endreFrå 1853 vart Taranakiregionen styrt som Taranaki Province (frå først kalla New Plymouth Province), til provinsadministrasjonen vart oppheva på New Zealand i 1876.
Regionstyre
endreTaranaki Regional Council vart danna i samband med den nasjonale lokalstyrereforma i november 1989, med føremål å få ein meir heilskapleg administrasjon. Regionstyret er etterfølgjar av organa Taranaki Catchment Board, Taranaki United Council, Taranaki Harbours Board, og 16 mindre lokale organ med spesielle føremål, som alle vart oppløyste som følgje av iverksetjinga av Lokalstyrelova, Local Government Amendment Act (No 3) 1988. Administrasjonssenteret i regionen vart lagt til byen Stratford, sentralt i regionen, som «eit godt kompromiss for å imøtekoma dei tradisjonelle interessemotsetnadane mellom nord- og sør-Taraniki».[10]
Distriktsstyre
endreDet er tre inndelingar i distriktsstyre i regionen:
- New Plymouth District Council med sete i New Plymouth
- Stratford District Council med sete i Stratford
- South Taranaki District Council med sete i Hawera
Anna
endreLandskapet i Taranaki og fjellet som skal likna Fujifjellet i Japan, gjorde at området vart nytta til opptaksstad for scener i The Last Samurai, ein film frå 1800-talets Japan. Tom Cruise hadde ei av hovudrollene i denne filmen.
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Subnational population estimates (RC, SA2), by age and sex, at 30 June 1996, 2001, 2006-18 (2018 boundaries)». Statistics New Zealand.
- ↑ Puke Ariki Museum essay, arkivert frå originalen 27. september 2007, henta 26. august 2008
- ↑ 3,0 3,1 3,2 Angela Caughey (1998). The Interpreter: The Biography of Richard "Dicky" Barrett. David Bateman Ltd. ISBN 1-86953-346-1.
- ↑ James Belich (1986). The New Zealand Wars and the Victorian Interpretation of Racial Conflict (1. utg.). Auckland: Penguin. ISBN 0-14-011162-X.
- ↑ Michael King (2003). The Penguin History of New Zealand. Penguin Books. ISBN 0-14-301867-1.
- ↑ The Taranaki Report: Kaupapa Tuatahi by the Waitangi Tribunal, 1996 (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 27. september 2007, henta 26. august 2008
- ↑ Ngati Awa Raupatu Report, chapter 10, Waitangi Tribunal, 1999., arkivert frå originalen 17. mars 2007, henta 26. august 2008
- ↑ B. Wells, The History of Taranaki, 1878, Chapter 25.
- ↑ "A Taranaki Holocaust?" (2000) Downloadable Radio New Zealand broadcast
- ↑ Taranaki Regional Council, 2001 s. 6
- Denne artikkelen bygger på «Taranaki» frå Wikipedia på engelsk, den 26. august 2008.
Bakgrunnsstoff
endre- Litteratur
- J. S. Tullett (1981). The Industrious Heart: A History of New Plymouth. New Plymouth District Council
- James Belich (1988). The New Zealand Wars. Penguin.
- Dick Scott (1998). Ask That Mountain ISBN 0-7900-0190-X. Reed.