43°04′48″N 79°04′16″W / 43.080°N 79.071°W / 43.080; -79.071

Niagarafalla
foss
Land  Canada,  USA
Del av Niagara
Kart
Niagarafalla
43°04′48″N 79°04′16″W / 43.08°N 79.071°W / 43.08; -79.071
Wikimedia Commons: Niagara Falls

Niagarafalla (Niagara, indiansk, «vasstorden») er ei gruppe på tre fossar i Niagaraelva som renn mellom Eriesjøen og Ontariosjøen. Falla fører 5 720 kubikkmeter vatn per sekund, nesten seks gonger meir enn Victoriafalla, og ligg på grensa mellom Ontario i Canada og New York i USA. Fossane er ikkje særleg høge, men særs breie og dei klart mest vassførande i Nord-Amerika.

American Falls.
Horseshoe falls, det største av Niagarafalla.

Canadian Horseshoe falls, òg kjend som Canadian falls, er 792 m brei og 52 meter høg og fører 94 % av vatnet gjennom falla og ligg på den canadiske sida av grensa. Lenger aust ligg American falls, det nest største med ei breidd på 323 meter, og eit fall på berre 21 meter. Vatnet treffer ein steinhaug som raste ut under eit stort steinras i 1954. Bridal Veil Falls ligg like vest for American falls og er nærast uviktig i forhold. Denne ligg òg i USA.

Skip kan passere falla ved hjelp av Welland Canal i Canada.

Fossane er regulerte og ein stor del av vassføringa går til produksjon av vasskraft. I samband med dette inngjekk Canada og USA ein avtale i 1929 om vern av falla.

Kraftig erosjon, 0,6 til 3 meter per år, flyttar falla stadig lenger sørover, mot Eriesjøen. Bruk av vatn til kraftproduksjon og enkelte andre tiltak har det siste hundreåret i stor grad minska erosjonen, men sidan botn av falla ligg lågare enn botn av Eriesjøen, vil erosjonen før eller seinare føre til at mesteparten av sjøen blir tømd for vatn.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Niagarafalla