Nick Jameson

amerikansk skodespelar

Nick Jameson (fødd 10. juli 1950) er ein USA-amerikansk skodespelar, songar, låtskrivar, musikar og plateprodusent, kanskje mest kjend for rolla som den russiske presidenten Juri Suvarov over tre sesongar av serien 24.

Nick Jameson
Fødd 10. juli 1950 (72 år)
Columbia i Missouri i USA
Yrke Skodespelar, stemmeskodespelar, songar, låtskrivar, komponist, musikar og plateprodusent
Aktive år Sidan 1968

Jameson har hatt roller i TV-seriane Mission Hill, The Critic, 24, Lost, The King of Queens og hatt stemma til forskjellige roller i Star Wars: Clone Wars. Han har spelt i over 114 filmar og hatt røysta til Max i videospelet Sam & Max Hit the Road og Psychonauts.

Jameson har òg hatt ein aktiv musikkarriere. Han var ei kort stund uoffisielt medlem av Foghat, og produserte fleire av albuma deira, inkludert Fool for the City med hitten «Slow Ride». Han har òg gjeve ut eit par soloalbum, Already Free og A Crowd of One[1] sistnemnde med singelen «Weatherman», som gjekk inn på Billboard Hot 100.[2]

DiskografiEndra

Med The American DreamEndra

  • 1970: The American Dream

Med Paul ButterfieldEndra

  • 1973: Paul Butterfield's Better Days: It All Comes Back (berre produsent)[3]
  • 1976: Put it in Your Ear[4]

Med Tim MooreEndra

  • 1974: Tim Moore
  • 1975: Behind the Eyes (berre produsent)

Med FoghatEndra

SoloalbumEndra

  • 1977: Already Free
  • 1986: A Crowd of One

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra