Opna hovudmenyen

Foghat er eit engelsk rockeband skipa i London i 1971.[2][3][4] Bandet er kjend for å bruke elektrisk slidegitar i musikken sin.[5] Bandet fekk i alt åtte gullplater, ei platinaplate og ei dobbel platinaplate. Tras i fleire besetningsendringar er dei framleis aktive.

Foghat
Foghat 1975.JPG
Foghat i 1973, med klokka frå øvst til venstre: «Lonesome» Dave Peverett, Tony Stevens, Roger Earl, Rod Price
OpphavLondon i England
Aktiv1971–1984, sidan 1986
SjangerBluesrock, boogierock, hardrock, light metal[1]
Tilknytte artistarSavoy Brown
PlateselskapBearsville, Atlantic, Rhino
MedlemmerRoger Earl
Bryan Bassett
Charlie Huhn
Tidlegare medlemmerDave Peverett
Rod Price
Tony Stevens
Nick Jameson
Craig MacGregor
Erik Cartwright
Kenny Aaronson
Rob Alter
Eric Burgeson
Brett Cartwright
Jeff Howell
Phil Nudelman
Billy Davis
Dave Crigger

HistorieEndra

1970-åraEndra

Bandet byrja med Dave Peverett («Lonesome Dave») på gitar og vokal, Tony Stevens på bass og Roger Earl på trommer, etter at alle tre slutta i Savoy Brown i 1971. Rod Price, på gitar/slidegitar, kom inn etter han slutta i Black Cat Bones i desember 1970. Den nye besetninga fekk namnet «Foghat» i januar 1971. Debutalbumet, Foghat (1972), vart produsert av Dave Edmunds og inneheld ein versjon av Willie Dixon sin «I Just Want to Make Love to You», som vart mykje spelt på radio, særleg FM-stasjonar. Albumet inneheld òg ei nyinnspeling av Savoy Brown sin bluesaktige ode til turnélivet, «Leavin' Again (Again!)», og «Sarah Lee». Det andre albumet deira, igjen kalla Foghat vart òg kalla Rock and Roll etter biletet på plateomslaget som syner ein stein (rock på engelsk) og eit rundstykke (bread roll eller berre roll på engelsk, altså rock and roll), og det selde til gullplate. Energized kom ut i 1974 og vart etterfølgd av Rock and Roll Outlaws (1974) og Fool for the City (1975). I 1975 slutta Stevens i bandet på grunn av den konstante turneringa og vart mellombels erstatta av produsenten Nick Jameson for innspelinga av Fool for the City. Det neste året vart Jameson erstatta av Craig MacGregor og gruppa gav ut Night Shift (1976), eit konsertalbum (1977) og Stone Blue (1978), som alle selde gullplate. Fool for the City gav dei ein hitsingel, «Slow Ride», som nådde 20. plassen på singellista i USA og 14. plassen i Canada. Men det mestseljande albumet deira vart Foghat Live, som selde til dobbel platinaplate.[6] Fleire hittar følgde: «Drivin' Wheel», «I Just Want to Make Love to You» (frå konsertalbumet), «Stone Blue» og «Third Time Lucky (First Time I Was a Fool)». Price slutta i bandet i november 1980 då han var misnøgd med stadig å vere på turné og endringa bort frå hard boogierock til ein meir new wave-aktig pop. I februar 1981, etter månader med folk på prøvespel, vart han erstatta av Erik Cartwright.

1980-åraEndra

Etter 1978 byrja salstala til Foghat å gå nedover og det siste albumet deira for selskapet Bearsville, Zig-Zag Walk (1983), nådde berre så vidt den amerikanske albumlista med ein 192. plass. MacGregor slutta i 1982 og Jameson kom attende for å spele på In the Mood for Something Rude og Zig Zag Walk før han vart erstatta av Kenny Aaronson (1983) og så Rob Alter (1983–1984). MacGregor kom attende i 1984.

Bandet vart ei kort stund oppløyst i 1984 etter Peverett slutta og reiste attende til England, Earl, MacGregor og Cartwright kom saman att med ein ny songar og gitarist, Eric (E.J.) Burgeson, og fortsette å turnere som Foghat inn i staten av 1990-åra. MacGregor (1986–1987, 1991), bror til Cartwright, Brett Cartwright (1987, 1988–1989) og Jeff Howell (1987–1988, 1989–1991) byta på å spele bass i denne tida, medan Phil Nudelman (1989–1990) og Billy Davis (1990–1993) tok over for Burgeson. Dave Crigger kom med på bass i 1991–1993.

1990-åraEndra

Peverett hadde kome attende til USA i 1990 og skipa sin eigen versjon av bandet, Lonesome Dave's Foghat, med Bryan Bassett (tidlegare i Wild Cherry), Stephen Dees (bass) og Eddie Zyne (trommer). Dees og Zyne hadde mellom anna spelt med Hall & Oates . Den tidlegare Molly Hatchet-bassisten Riff West erstatta Dees i 1991, og Price var fleire gonger med som gjest.

I 1993 kom den originale besetninga saman att etter oppfordring frå produsenten Rick Rubin. Sjølv om Rubin til slutt ikkje kunne produsere comeback-prosjektet deira, sette gruppa i gang og gav ut eit studioalbum kalla Return of the Boogie Men (1994) og konsertalbumet Road Cases (1998). Det siste albumet deira det tiåret, King Biscuit Flower Hour (teken frå radioshowet med same namn), vart erstatta i mai 1999 og bestod av konsertopptak frå 1974 og 1976.

Etter å ha vore saman att i seks år enda den originale besetninga igjen etter at Price valte å trekke seg attende frå turnélivet for godt. Bassett (som hade spelt med Molly Hatchet) frå Lonesome Dave's Foghat, vart henta inn på gitar.

2000-åraEndra

I 2000-åra døydde dei originale medlemmane Peverett og Price. Peverett døydde 7. februar 2000 etter nyrekreft, 56 år gammal.[6]

Charlie Huhn (tidlegare i Humble Pie og Ted Nugent) vart henta inn for å erstatte han på solovokal og gitar. Denne besetninga med Earl, Stevens, Bassett og Huhn spelte inn albumet Family Joules (2003).[7]

Price døydde 22. mars 2005, 57 år gammal etter eit fall under eit hjarteinfarkt.[5] Seinare det året slutta den originale bassisten Stevens og vart erstatta av den tidlegare bassisten MacGregor.[8]

2010-utgåva av Foghat besstod av Earl, MacGregor, Huhn og Bassett. Den tidlegare Rainbow- og Black Sabbath-trommisen Bobby Rondinelli hadde mellombels erstatta Earl på trommer under ein sommarkonsertn i 2010, medan Earl kom seg etter ein operasjon. På ein annan Foghat-konsertn den sommaren, etter at Earl var attende i bandet, erstatta bassisten Jeff Howell mellombels ein sjuk MacGregor. Det neste albumet til Foghat, Last Train Home (utgjeve 15. juni 2010), inneheld somme av favorittbluessongane deira, tre originalar og to songar av gjesteartisten og venen Eddie Kirkland, som var 86 år gammal på den tida. Han hadde spelt med Foghat som gjeteartist i 1977 på Foghat-showet «Tribute to the Blues» i Palladium i New York City og vart ein god ven av banet fram til han omkom i ei bilulukke den 27. februar 2011.


9. juli 2013 gav bandet ut julesongen «The Word of Rock n' Roll» (ein instrumentalversjon av «Winter Wonderland») på singel den 5. november 2013, etterfølgd av DVD-en Live in St. Pete i desember 2013.

24. juni 2016 kom albumet Under the Influence ut.

Den langvarige bassisten MacGregor fekk diagnosen lungekreft i 2015. Kreften var blitt oppdaga alt i 2012, men MacGregor vart ikkje informert før i 2015. Etter dette vart han ein talsmann for ei lov som kravde at lækjarar måtte kommunisere testresultat så snart som mogeleg til pasienten. Sjølv om han framleis var offisielt medlem av Foghat, gjorde cellegifta at han ikkje kunne spele musikk og den tidegare Pat Travers-bassisten Rodney O'Quinn vikarierte for han på turnear.[9] MacGregor døydde 9. februar 2018.

MedlemmarEndra

Noverande medlemmar

Turnémusikar

  • Rodney O'Quinn – bass (sidan 2015)

DiskografiEndra

AlbumEndra

År Album US Album Chart
1972 Foghat 127
1973 Rock and Roll 67
1974 Energized 34
1974 Rock and Roll Outlaws 40
1975 Fool for the City 23
1976 Night Shift 36
1977 Foghat Live 11
1978 Stone Blue 25
1979 Boogie Motel 35
1980 Tight Shoes 106
1981 Girls to Chat & Boys to Bounce 92
1982 In the Mood for Something Rude 162
1983 Zig-Zag Walk 192
1994 Return of the Boogie Men
2003 Family Joules
2003 Decades Live
2007 Foghat Live II
2010 Last Train Home
2016 Under the Influence
2017 Live at the Belly Up

SinglarEndra

År Singel US Singles Chart
1972 «I Just Want to Make Love to You» 83
1972 «Maybelline»
1973 «What a Shame» 82
1973 «Ride, Ride, Ride»
1974 «Eight Days on the Road»
1975 «Slow Ride» 20
1976 «Fool for the City» 45
1976 «Night Shift»
1976 «Drivin' Wheel» 34
1977 «I'll Be Standing By» 67
1977 «I Just Want to Make Love to You» (live) 33
1978 «Stone Blue» 36
1978 «Sweet Home Chicago»
1978 «Easy Money»
1979 «Third Time Lucky (First Time I Was a Fool)» 23
1980 «Stranger in My Home Town» 81
1981 «Wide Boy»
1981 «Live Now – Pay Later» 102
1982 «Slipped, Tripped, Fell in Love»
1982 «Ain't Livin' Long Like This»
1983 «Zig-Zag Walk»
2003 «I'm a Rock 'n Roller»
2010 «Louisiana Blues»
2016 «Upside of Lonely»

KjelderEndra

  1. «D.C. Star: Bright But Dull». Washington Post. Henta 9. mars 2018. 
  2. «Foghat Billboard Singles». AllMusic. Henta 14. januar 2012. 
  3. «Ultimate Music Database». Umdmusic.com. Henta 10. oktober 2018. 
  4. «Foghat Billboard Albums». AllMusic. Henta 14. januar 2012. 
  5. 5,0 5,1 Robertson, Jessica (24. mars 2005). «Foghat's Rod Price Dies. British «magician of slide» suffers fatal accident». Rolling Stone. 
  6. 6,0 6,1 «Dave Peverett, 56, of the Rock Band Foghat». The New York Times. Associated Press. 14. februar 2000. 
  7. «Foghat Exclusive Interview with Charlie Huhn». Travellersintime.com. 
  8. «The Official Website of Foghat!». Foghat.net. Arkivert frå originalen 28. februar 2014. Henta 10. oktober 2018. 
  9. «Archives». Articles.philly.com. Henta 22. juli 2017. 

BakgrunnsstoffEndra