Slow Ride
av Foghat
frå albumet Fool for the City
B-side

«Save Your Loving (For Me)»

Utgjeve Desember 1975
Innspelt Suntreader Studios i Sharon i Vermont
Sjanger
Lengd 8:14 (LP-versjonen)
3:56 (singel)
Selskap Bearsville
Låtskrivar(ar) Dave Peverett
Produsent Nick Jameson
Foghat-kronologi 
«Step Outside»
(1974)
Slow Ride «Fool for the City»
(1976)


«Slow Ride» er ein song av det britiske rockebandet Foghat. Han var den første singelen frå det femte studioalbumet deira, Fool for the City (1975), gjeve ut på Bearsville Records. I 2009 vart han kåra til den 45. beste hardrocksongen gjennom tidene av VH1.[2]

Det finst fem versjonar av songen. Den originale LP-versjonen frå Fool for the City varer litt over åtte minuttar. Singelversjonen, som finst på mange samleplater, varer rett i underkant av fire minuttar, der slutten vert tona ut. Konsertversjonen frå 1977 varer litt over åtte minuttar, versjonen deira på King Biscuit Flower Hour er over ti minuttar og konsertversjonen frå 2007 er på oppunder ti minutt.

I følgje trommeslagaren Roger Earl vart songen skapt under ein jam med den då nye bassisten Nick Jameson.[3]

Salslister endre

Vekeslister endre

Liste (1975–76) Plassering
Canada Top Singles (RPM)[4] 14
US Billboard Hot 100[5] 20

Årslister endre

Liste (1976) Plassering
Canada[6] 133
USA (Joel Whitburn's Pop Annual)[7] 133

Kjelder endre

  1. Erlewine, Stephen Thomas. «Foghat – Slow Ride». AllMusic. All Media Network. Henta 19. mai 2016. 
  2. «spreadit.org music». Henta 12. oktober 2018. 
  3. Perry, Shawn. «The Roger Earl Interview». Vintage Rock. Henta 12. oktober 2018. 
  4. «RPM Top Singlar» (PDF). RPM (Ottawa: Library and Archives Canada) 24. 20. mars 1976. Henta 12. oktober 2018. 
  5. "Foghat Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Foghat. Prometheus Global Media. Henta 12. oktober 2018.
  6. «Top Singlar – Volume 26, No. 14 & 15, January 08 1977». RPM. Library and Archives Canada. Arkivert frå originalen 10. juni 2016. Henta 12. oktober 2018. 
  7. Whitburn, Joel (1999). Pop Annual. Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research Inc. ISBN 0-89820-142-X. 

Bakgrunnsstoff endre