Nico Widerberg

norsk bilethoggar

Nicolaus Widerberg, oftast kalla Nico Widerberg (fødd 7. oktober 1960 i Oslo), er ein norsk biletkunstnar, fortrinnsvis bilethoggar og målar

Nico Widerberg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. oktober 1960 (64 år)
Yrke bilethoggar, grafikar
Far Frans Widerberg
Nico Widerberg på Commons

Widerberg er utdanna ved Statens håndverks- og kunstindustriskole og Statens Kunstakademi i Oslo. Nico Widerberg er son av målaren Frans Widerberg og bror til Thomas Widerberg.

Om kunsten

endre
 
«Pillar Man» ved Northumbria University.

Widerberg arbeider med skulptur, i stein (blant anna granitt og diabas), bronse og glas, med oljemåleri og med grafikk. Sentralt i Widerbergs kunst står avpersonifiserte menneskeframstillingar, hovud og torsoar. Han arbeider innanfor den klassiske, figurative tradisjonen.[1] Han har uttalt at det han prøver å formidle med kunstuttrykket sitt, er ei stemning, ei oppleving av å vere til stades.[2]

Utstillingar, samlingar og oppdrag

endre

Nico Widerberg har sidan debuten i 1984 hatt nærare 30 separatutstillingar, delteke på over 40 kollektive utstillingar og hatt over 50 utsmykningsoppdrag, både nasjonalt og internasjonalt. Blant dei mest profilerte utsmykkingane er monumenta av Thor Heyerdahl og Trygve Lie, utsmykking av Regjeringsbygget, Gardermoen hovudflyplass, Aker brygge, og dessutan skulpturen «Pillar Man» ved Northumbria University i Newcastle i 2004.[3]

Nico Widerberg er innkjøpt av fleire offentlege og private samlingar i inn- og utland, blant anna Refsnes Gods.[4] Han har fleire gonger hatt separatutstillingar i Galleri Haaken i Oslo med både måleri og skulptur.[5]

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre