Nicolai Nielsen
Nicolai Nielsen (også skriven for Niels Nielsen, 3. mars 1777–10. juli 1854) var ein dansk-norsk prest, eidsvollsmann og stortingsmann.
Nicolai Nielsen | |
Statsborgarskap | Noreg, Kongeriket Danmark |
Fødd | 3. mars 1777 Odense, Bolbro |
Død |
10. juli 1854 (77 år) |
Yrke | prest, politikar |
Språk | norsk, dansk |
Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja |
Nicolai Nielsen på Commons |
Nielsen var fødd i Odense på Fyn i Danmark, far hans var smed. Han var student i 1796 og cand. theol. i 1804. Nokre år frå 1801 styrte han kystsignalstasjonen på Stevns klint på Sjælland. Frå 1807 var han sokneprest i Vardø, 1812-21 same embete i Ytre Holmedal i Sunnfjord. Perioden 1821-35 var han sokneprest i Eid i Nordfjord, siste fem åra også prost i Nordfjord. Til sist var han sokneprest i Borgund prestegjeld på Sunnmøre, der han døydde i 1854.
Riksforsamlinga på Eidsvoll
endreI 1814 var Nielsen utsending frå Nordre Bergenhus amt til riksforsamlinga på Eidsvoll, der han høyrde til sjølvstendepartiet. Han representerte same amtet på Stortinget i 1830, og var då medlem av militærkomiteen. Dei andre som representerte amtet på riksforsamlinga var Lars Johannes Irgens, og Peder Hjermann vald av amtet, samt Ole Elias Holck og Nils Johannesson Loftesnes vald av Det Bergenhusiske Regiment.
Minnesmerke
endreMinnetavla over Niels Nielsen er sett opp i kyrkjemuren på Borgund kyrkje på Sunnmøre like ved grava og gravminnet hans. Knut Ekroll utforma tavla og Borgund kommune tok kostnaden. Minnesmerket vart avduka 17. mai 1914. I tekstfeltet står denne innskrifta: Til Minde Om Eidsvoldmanden Provst Niels Nielsen Født 1777, Død 1854. - Borgund Kommune Satte Denne Mindetavle 17 Mai 1914.
Kjelder
endre- Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Kleppa, Hermund: 1814 Grunnlovsjubileum 2014 - Eidsvollsmennene frå Sogn og Fjordane. Kulturhistorisk leksikon 2011, Sogn og Fjordane Fylkesarkiv.
- Kleppa, Hermund: Minnetavle over eidsvollmannen Niels Nielsen. Kulturhistorisk leksikon 2000, Sogn og Fjordane Fylkesarkiv.