Nicolai (Nico) Norman (17. april 19192. juli 2006) var ein norsk fysikar. Han var professor ved Fysisk institutt ved Universitetet i Oslo frå 1964 til 1986.

Nicolai Norman
Fødd17. april 1919
Død2. juli 2006
NasjonalitetNoreg
Yrkeprofessor
InstitusjonarUniversitetet i Oslo

Norman byrja å studere realfag ved UiO like før andre verdskrigen. Under krigen var han aktivt med på motstandsarbeid mot den tyske okkupasjonen. I 1947 fekk han cand.real.-graden, før han så vart stipendiat. I 1956 tok Norman dr. philos-graden, med avhandlinga «On the cylindrically symmetrical distribution method in X-ray analysis».[1]

I 1950 hadde Norman forskingsopphald ved MIT, og i 1954 ved Brooklyn Polytechnic Institute. Etter han hadde tatt doktorgraden jobba han ved Sentralinstituttet for industriell forsking (det seinare SINTEF), før han gjekk tilbake til UiO som professor i faststoff-fysikk i 1964.

I 1966 vart Norman innvalt i Det Norske Videnskaps-Akademi. Han var styrar ved Fysisk institutt frå 1976 til 1978.[2]

Kjelder

endre
  1. «Resultat av søket: Nico og Norman». Bibsys. Arkivert frå originalen 27. november 2008. Henta 11. november 2013.  Merk at Bibsys gjev datoen for avhandlinga til 1954, mens nekrologen gjev at han disputerte for dr. philos-graden i 1956.
  2. «Fysisk institutts valgte bestyrere/instituttledere». Fysisk institutt. 6. januar 2005. Henta 11. november 2013.