Niels Dyhren

gardbrukar og medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll

Niels Frederiksen Dyhren (fødd 16. februar 1778 på Østre Toten, død 25. august 1866) var ein norsk korporal og gardbrukar som representerte Norske JægerkorpsRiksforsamlinga i 1814. I 1800 vart han soldat ved Jegerkorpset-Akershus regiment og i 1801 korporal i regimentets artillerikompani. Han deltok på dansk-norsk side i Napoleonskrigane i 1807-1809 og 1814. Han fekk tilbod om å tre inn i offisersrekkene, men takka nei fordi han ønskte å slå seg ned som gardbrukar.

Niels Dyhren

Niels Dyhren måla av Matthias Stoltenberg
Fødd16. februar 1778
Østre Toten
Død25. august 1866 (88 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSjølvstendepartiet
YrkeKorporal og gardbrukar
VervMedlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll
Alle verv
  • medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll (1814–1814)
  • vararepresentant til Stortinget (1833–1835) Sjå dette på Wikidata

I 1814 var han medlem av riksforsamlinga i Eidsvoll som andre deputerte representant for Norske Jægerkorps, og var på den tida korporal i Valderske skarpskytterbataillon. I riksforsamlinga fylgde han sjølvstendepartiet, men han deltok ikkje aktivt. Han gjorde seg likevel merksam ved å røyste imot alt det hans overordna, kapteinen og unionsmannen Palle Fleischer, røysta for. Etter riksforsamlinga heldt han fram som valmann. Han vart aldri stortingsmann, men var varamann i 1832. I ei tid var han også varaordførar på heimstaden.

Han døydde som kårmann på garden i Balke sokn på Østre Toten i 1866.

Kjelder endre