Niels Koren
Niels Koren (19. september 1801–4. april 1862) var ein norsk prest og stortingsmann frå Ullensvang. Arnoldus Koren var far hans.
Niels Koren | |
Fødd | 19. september 1801 Ullensvang |
Død | |
Yrke | prest, politikar |
Koren vart student frå Bergens katedralskole i 1822 og cand. theol. i 1827. Frå 1832 var han personellkapellan i Kinsarvik, ti år seinare overtok han sokneprestembetet. Han styrte embetet til han døydde.
Koren representerte Søndre Bergenhus amt på Stortinget 1842-1858. Han var i 1842 sekretær i konstitusjonskomiteen, i 1845 formann i same og medlem av Lagtinget og av lovkomiteen. Visesekretær i Lagtinget 1848 og -51, medlem 1848 og sekretær 1851 og 1854 i konstitusjonskomiteen. Han var medlem av arbeidarkomiteen i 1851, sekretær 1854 og medlem 1857 av Lagtinget og konstistusjonskomiteen. Som medlem av Lagtinget 1845 var han med i riksretten 1845.
KjelderEndra
- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914