Night on Earth av Tom Waits

Night on Earth
Filmmusikk av Tom Waits
Utgjeve 7. april 1992
Innspelt RCA Studios
Sjanger Rock, eksperimentell musikk
Lengd 57:20
Selskap Island
Produsent Tom Waits
Tom Waits-kronologi 
The Early Years, Volume One
(1991)
Night on Earth Bone Machine
(1992)


Night on Earth er eit musikkalbum av Tom Waits frå 1992Island Records. Albumet inneheld filmmusikk til filmen Night on Earth, regissert av Jim Jarmusch. Albumet er hovudsakleg instrumentalt og følgjer opp den Kurt Weill-inspirerte musikken frå albuma hans på 1980-talet.

Det er tre songar med tekst, som Waits skreiv i lag med kona si, Kathleen Brennan. Waits syng desse på ein rolegare og meir melodiøs måte enn han gjorde på store delar av 80-talet. Likevel er albumet mykje i same stil som Swordfishtrombones (1983), Rain Dogs (1985) og Franks Wild Years (1987).

Innhald

endre

Alle songar er skriven av Tom Waits, bortsett frå der andre er nemnd.

  1. «Back in the Good Old World» (Waits / Kathleen Brennan) – 2:30
  2. «Los Angeles Mood» – 2:35 (Instrumental)
  3. «Los Angeles Theme» – 4:28 (Instrumental)
  4. «New York Theme» – 4:03 (Instrumental)
  5. «New York Mood» – 2:38 (Instrumental)
  6. «Baby I'm Not a Baby Anymore» – 1:58 (Instrumental)
  7. «Good Old World (Waltz)» – 3:05 (Instrumental)
  8. «Carnival» – 3:05 (Instrumental)
  9. «On the Other Side of the World» (Waits / Brennan) – 5:19
  10. «Good Old World (Gypsy Instrumental)» – 2:19
  11. «Paris Mood» – 2:38 (Instrumental)
  12. «Dragging a Dead Priest» – 4:00 (Instrumental)
  13. «Helsinki Mood» – 4:10 (Instrumental)
  14. «Carnival Bob's Confession» – 2:17 (Instrumental)
  15. «Good Old World (Waltz)» (Waits / Brennan) – 3:56
  16. «On the Other Side of the World» – 3:59 (Instrumental)

Musikarar

endre