Nikola Djurdjić

serbisk fotballspelar

Nikola Djurdjić (fødd 1. april 1986 i Pirot i Serbia) er ein serbisk fotballspelar. I 2011-sesongen spelar han i angrep for Haugesund i den norske Tippeligaen. Han har spelt på Serbia sitt U21-landslag.

Nikola Djurdjić
Personleg informasjon
Fullt namn Никола Ђурђић
Nikola Djurdjić
Kallenamn Nico
Fødd 1. april 1986 (38 år)
Fødestad Pirot
Høgd 184 cm
Posisjon Angrep
Klubbinformasjon
Noverande lag
Haugesund
Nummer 44
Ungdomsklubbar
Serbia og Montenegro Radnički Pirot
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2006-09
2009-
Voždovac
Noreg Haugesund
63 (15)
88 (43)[1]
Landslag
2007 Serbia U21 5 (1)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 29. august 2011
‡ Landslagsmål oppdatert 25. april 2011

Djurdjić kom til Haugesund i 2009 frå Beograd-klubben Voždovac, etter å ha imponert på prøvespel i Tyrkia[2]. Han skreiv under ein treårskontrakt med Haugesund. Han hadde før dette òg vore på prøvespel hjå AZ Alkmaar i Nederland. Han vart Haugesund sin toppskårar i 2010-sesongen i Tippeligaen, med 12 seriemål, og i 2011-sesongen, også då med 12 seriemål.

Fotnotar

endre
  1. Norsk og internasjonal fotballstatistikk
  2. "Ny storfugl kan lande i FKH i dag", Haugesunds Avis 17. mars 2009

Kjelder

endre