Nikolai P.K. Molvik

norsk politikar

Nikolai Paul Kornelius Molvik (28. august 19059. juli 1981) var ein skulemann og politikar frå Hareid som representerte Kristeleg FolkepartiStortinget perioden 1965-69.

Nikolai P.K. Molvik
Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. august 1905
Herøy kommune
Død

9. juli 1981 (75 år)

Yrke politikar, lektor, skuleleiar
Språk norsk
Politisk parti Kristeleg Folkeparti

Liv og gjerning endre

Molvik var fødd i Herøy, der mor hans kom i frå, men voks frå han var 4-5 år gammal opp på eit småbruk på matrikkelgarden Liavåg i Hareid. Far hans var skipstømrar.

Molvik vart student i 1926 og cand.mag. i 1930. Frå 1931 til 1946 underviste han ved Volda Gymnas, med unnatak for 1934-35. Han var då i Oslo, der han vart cand.philol. frå universitetet. I tida 1946-55 var han lektor og seinare inspektør ved den høgre allmennskulen i Ålesund. Deretter var han rektor ved den høgre allmennskulen i Kristiansund til 1961, og så fram til 1974 rektor ved katedralskulen i Bergen.

Molvik var medlem i kommunestyret i Volda 1945-46, i bystyra i Ålesund 1951-55 og Kristiansund 1955-61. Ved stortingsvalet i 1965 vart han vald til stortingsrepresentant for Bergen fylke og Kristeleg Folkeparti. På Stortinget var han nestformann i Sosialkomiteen. Han lukkast ikkje å verte attvald i 1969.

Han er gravlagd i Grimstad.

Kjelder endre

Stortingsbiografi