Nikolaj Aleksandrovitsj Jarosjenko (13. desember 18467. juli 1898), var ein russisk kunstmålar av ukrainsk opphav.

Nikolaj Jarosjenko
Nikolay YAroshenko Avtoportret.JPG
Sjølvportrett, 1895
Fødd 1. desember 1846
Poltava
Død

26. juni 1898
Kislovodsk

Sjanger portrett
Yrke kunstmålar, militær
'Kvit-fjell' (Elbrus), 1884

Liv og gjerningEndra

Militær og målarEndra

Jarosjenko vart fødd i byen Poltava i Tsar-Russland (no i Ukraina), som son av ein offiser i den russiske armeen. Jarosjenko valde sjølv ei militær løpebane, men studerte også kunst ved Ivan Kramskoj sin teikneskule (1866 og –67) og så vidarestudium ved St. Petersburgs kunstakademi i åra 1874 til –76.

I 1876 var Jarosjenko eit leiande medlem av ei gruppe med russiske målarar som kalla seg for Peredvizjnikij. Han fekk kallenamnet ”Peredvizjnikij sitt samvit” for sin integritet og sine prinsippfaste haldningar.

 
Måleri frå 1879

Reiser. SjangermålarEndra

Jarosjenko trekte i 1892 seg tilbake frå ein posisjon som generalmajor. Han la ut på mange reiser, både innanlands og til andre land i Europa, til Midt-austen og den fjerne austen. Han budde sine seinare år i Kislovodsk (no Russland), der han døydde og vart gravlagt.

Jarosjenko måla først fremst mange portrett, sjangermåleri og laga mange teikningar. Hans sjangermåleri skildrar tortur, slit, overlast mot folk, men og frukt og badeskikkar. I dei to siste tiåra av det 19. hundreåret var han ein av dei leiande målarane mellom dei russiske realisme-kunstnarane.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Nikolaj Jarosjenko