Nikolaj Javkovlevitsj Smaga, ukrainsk Mykola Smaha, (22. august 193828. mars 1981) var ein friidrettsutøvar frå Bobrovo i Sumy oblast som i 1971 vart europameister i 20 km kappgang og elles vann to EM-bronsar og i 1968 OL-bronse på same distansen. Han tevla for Sovjetunionen.

Nikolaj Smaga
Fødd 22. august 1938
Bobrove
Død

28. mars 1981
Kiev

Yrke friidrettsutøvar

Smaga vart tredjemann i 20 kilometer kappgang i tre store meisterskap på rad. Ved EM 1966 måtte han sjå seg frågått av austtyskaren Dieter Lindner og sin eigen landsmann Volodimir Holubnitsjij. To år seinare rykte Holubnitsjij til topps då same distansen fann stad under sommarleikane i Mexico, knapt to sekundar framom arrangørlandets José Pedraza, medan Smaga tok bronsen, berre fem sekundar bak Holubnitsjij. Også i EM 1969 gjekk Smaga inn til bronsemedalje, britiske Paul Nihill vann tevlinga og Leonida Caraiosifoglu frå Romania vart nummer to, 14 sekund føre Smaga.

Den 10. august 1971 gjekk Smaga inn til gull på spesialdistansen under europameisterskapen i Helsinki, 9 sekund framom Gerhard Sperling frå Aust-Tyskland og 14 framom førnemnde Paul Nihill. Året etter vart Smaga femtemann på 20 km ved Sommar-OL i München, nøyaktig minuttet bak bronsevinnaren i mål.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

Smaga døydde i Kiev, 42 år gammal.

KjelderEndra