Nilgau

pattedyrart
Nilgau
Nilgau-hann
Nilgau-hann
Ho med kalv
Ho med kalv
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av nilgau
Utbreiinga av nilgau
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Klauvdyr Artiodactyla
Familie: Kvegdyr Bovidae
Underfamilie: Bovinae
Stamme: Boselaphini
Slekt: Boselaphus
Art: Nilgau B. tragocamelus
Vitskapleg namn
Boselaphus tragocamelus

Nilgau (Boselaphus tragocamelus), også kalla nilgauantilope, nilghai eller blåokse, er ein partåa klauvdyrart i oksefamilien. Dyra kan minna om hestar eller storfe, og blir om lag så store som dei. Nilgau høyrer tradisjonelt til i Sør-Asia, og er den største antilopearten i India.

Pelsen er strihåra. Hannar har blågrå til jerngrå pels medan hoer og ungdyr er gulbrune. Dei har kvit teikning på kodar, kinn og øyre. Dei har mørk man på nakken og ein dusk av svarte hår på halsen. Kroppslengda er rundt 200 cm og skulderhøgda 130–140 cm hjå hannar. Halen er 45–50 cm. Vekta til hannar er opptil 270 kg medan den hjå hoer er 120 kg. Berre hannane har horn som er glatte og kjølforma. Dei er 15–20 cm lange og peiker litt bakover.

Nilgauar lever i små grupper på 4–10 dyr i glissent tredekt terreng.

Dei finst på størsteparten av den indiske halvøya, frå foten av Himalaya til sør i India. Mange stader i leveområdet blir antilopen rekna som heilag. Det finst også ein stor bestand i Texas i USA, der arten blei innført på 1930-talet. Arten blir rekna som livskraftig av IUCN, med eit stabilt tal dyr på over 100 000 i India og utbreidd over store delar av landet. Han er mindre vanleg i Pakistan, og er utrydda i Bangladesh.[1]

Kjelder endre

  1. IUCN SSC Antelope Specialist Group (2016). «Boselaphus tragocamelus (errata version published in 2017)». The IUCN Red List of Threatened Species 2016. doi:10.2305/IUCN.UK.2016-3.RLTS.T2893A50182076.en. 
  • «Nilgau», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 13. januar 2016