Nils Christian Nilsen

Nils Christian Nilsen (11. mars 177318. januar 1842) var ein dansk-norsk embetsmann og stortingsmann.

Nils Christian Nilsen
Fødd11. mars 1773
Hjørring
Død18. januar 1842 (68 år)
Statsborgar avNoreg, Danmark
Yrkejurist, politikar
Alle verv

Nilsen var fødd i HjørringJylland i Danmark, der faren var hattemakar. I ung alder reiste han til Noreg og vart i 1795 eksaminatus juris. To år seinare vart han prokurator og kunne utøve yrket sitt ved alle overrettar i det sønnafjellske Noreg.

År 1804 eller -05 vart Nilsen konstituert overbirkedommar, overinspektør og auksjonsforvaltar i Jarlsberg grevskap. 1819-21 fungerte han som amtmann for grevskapet, i 1822 vart han birkedommar der.

Nilsen var 1. representant på Stortinget frå Jarlsberg grevskap i 1815-16 og 1818. I 1815-16 var han sekretær i Lagtinget og medlem av elleve komitear. Mellom dei komiteane han var medlem av finn ein om odelslova, om matrikkellova, vernepliktslova og lov om pengestellet. Også 1818 var han sekretær i Lagtinget, samt medlem av ti komitear. Også i 1821 vart Nilsen vald som 1. representant, men sa seg fri. På nytt stortingsmann i 1827, 1828 og 1830. Han var medlem av Lagtinget i 1827 og 1828. I 1827 var han formann i komiteen om borgarvæpninga, i 1828 formann i komiteen om statens pantegods. På tinget i 1830 var han formann i bankkomiteen. Nilsen var medlem av riksrettane 1815-16 og 1827.

Han døydde i Sem i Vestfold (Jarlsberg grevskap) i 1842.

Kjelder endre