Nils Christie
Nils Christie (24. februar 1928–27. mai 2015)[1] var ein norsk professor i kriminologi frå Oslo.
Nils Christie | |||
![]() | |||
Fødd | 24. februar 1928 Oslo | ||
---|---|---|---|
Død | 27. mai 2015 Oslo | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Område | Kriminologi | ||
Yrke | kriminolog, sosiolog, faglitterær forfattar, kriminalist, universitetslærar | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo Københavns Universitet | ||
Alma mater | Berg videregående skole | ||
Ektefelle | Hedda Giertsen | ||
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi Kungliga Vetenskapsakademien |
Nils Christie tok magistergraden i sosiologi i 1953 og var dosent i kriminologi frå 1959. Han vart dr.philos. i 1960 og professor i kriminologi i 1966. Han skreiv den sosiologiske avhandlinga si om unge lovbrytarar og korleis samfunnet skil mellom kva som er kriminalitet og ikkje. I mange år var han styrar ved Institutt for kriminologi og strafferett ved Universitetet i Oslo.
Christie skreiv ei rekkje bøker og var ein ivrig deltakar i samfunnsdebatten om kriminalitet, straff og rettsvesen. Fleire av bøkene hans er også omsette til andre språk, som Pinens begrensning (1981), Den gode fiende (1984, saman med Kettil Bruun), Kriminalkontroll som industri. Mot GULAG, vestlig type? (1993) og En passende mengde kriminalitet (2004). Han var talsmann for å leggje om narkotikapolitikken, og tok mellom anna til orde for legalisering av cannabis. Sentrale tema i forskinga hans var fengsel, konflikt og kriminalitetskontroll.
Nils Christie vart tildelt Fritt Ord-prisen i 2001. I 1996 vart han utnemnd til æresdoktor ved Københavns Universitet.
Han var gift med kriminolog Hedda Giertsen.
Christie omkom etter å ha kollidert på sykkel med ein trikk i Oslo.[2]
Kjelder endre
- «Nils Christie» på Wikipedia på bokmål, innhenta 4. januar 2010.
- Knut Olav Åmås [red.]: «Christie, Nils» av Magne Lerø i Hvem er hvem? (Aschehoug, 2008).
- ↑ «Nils Christie død: – En bauta er borte», www.vg.no (på norsk), 28. mai 2015, henta 12. januar 2019
- ↑ Riaz, Wasim, «To eldre menn omkom i Oslo-trafikken i mai», Aftenposten (på norsk bokmål), henta 12. januar 2019
Bakgrunnsstoff endre
- Svein Sundbø: Nils Christie - en kronologisk bibliografi over forfatterskapet 1945-1999. (Oslo: Nasjonalbibliotekets bibliografier, nr. 1 1999. - 99 s.)
- Nettbibliografi på heimesida til Nils Christie