Nils E. Nilsen

norsk politikar

Nils Emaus Nilsen (24. mai 18864. april 1976) var ein norsk sjømann, tenestemann og politikar frå Mosjøen, busett i Haugesund. Han representerte Arbeidarpartiet og kjøpstadene i Vest-Agder og Rogaland på stortinget 1950-53.

Nils E. Nilsen
Fødd24. mai 1886
Død4. april 1976 (89 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Nilsen var son til ein fiskar. Sjølv arbeidde han som dekksmann i sjøfarten fram til 1912. Sidan var han stuert i 25 år til 1937, bortsett frå 1921-23. Dei åra var han forretningsførar i Haugesunds Folkeblad, ei tid òg for losse- og lastearbeidarane i Haugesund. Nilsen var medlem i bystyret i Haugesund periodane 1923–31, 1937–40 og 1945–1953, ordførar i byen 1945–47. Elles skulestyremedlem 1923-25 i Haugesund og fylkesskattestyremedlem 1946-50 i Rogaland.

I 1937 vart Nilsen konstituert til underfut i Haugesund, ei stilling han hadde til 1940. Frå 1945 var han fast tilsett i same stillinga. Hausten 1949 vart Nilsen vald til stortingsrepresentant for dei fem kjøpstadene Kristiansand, Mandal, Flekkefjord, Stavanger og Haugesund. Heile fireårsperioden 1950-53 hadde han sete i Administrasjonskomiteen. Han stilte ikkje til attval.

Kjelder endre