Opna hovudmenyen

Nils Eriksen

norsk fotballspelar

Nils Kristian Eriksen (5. mars 19115. mai 1975) var ein norsk fotballspelar frå Gjerpen som spelte høgreback på det såkalla Bronselaget under Sommar-OL 1936.

Nils Eriksen
Fødd 5. mars 1911
Gjerpen
Død

5. mai 1975
Moss

Yrke fotballspelar, fotballtrenar

Eriksen var ein framifrå forsvarsspelar for Odd og det norske landslaget neste heile 1930-talet. Som Odd-spelar vart han cupmeister i 1931 og tapte han cupfinalen 1937, ved begge høva stod Mjøndalen IF på motsett banehalvdel. I 1939 busette han seg i Moss og spelte i 1939 på Moss FK.

Frå debuten hausten 1931 til han spelte sin 47. og siste landskamp mot Danmark i København 22. oktober 1939, den siste landskampen før Noreg kom med i verdskrigen, aksla Eriksen den norske landslagstrøya 47 gongar. I 1936 var han med på Bronselaget og i 1938 på det norske laget som tapte 1-2 mot Italia i fotball-VM 1938 i Marseille. Vanlegvis var han høgreback, men kunne også vere venstreback. Frå 1937 tok han over som senterhalf i midtforsvaret og kaptein for det norske landslaget. Han «ble ofte berømmet for sitt hodespill, sine taklinger og sine utspill. Som lagkaptein inntok han en særstilling, og han hadde en makeløs evne til å lede gutta, inspirere dem og gi dem seierstro».[1]

Åra 1955–58 var Eriksen med i uttakskomitéen for det norske landslaget, det såkalla UK.

Sonesonen Nils Espen Eriksen var målvakt for Moss FK då klubben vart norsk meister i 1983.

MerittarEndra

  • OL-bronse: 1936 med Noreg
  • Noregsmeister: 1931 med Odd
  • Tapande cupfinalist: 1937 med Odd

Notar og kjelderEndra

  1. Magnus Breili:Fotballboken. 1967