Opna hovudmenyen

Nils Gregoriusson Skilbred (20. august 18602. mai 1943) var ein snikkar, gardbrukar og stortingsmann for Venstre, frå Gjerpen i Telemark.

Nils G. Skilbred
Fødd 20. august 1860
Død

2. mai 1943

Yrke politikar

Skilbred var son til ein gardbrukar. Etter å ha gått amtsskulen 1881/82 livnærte han seg som bygningsmann. Åra 1886-94 budde han i Skien, der han var medlem av bystyret og leiar av arbeidarforeiningar. Frå 1894 forpakta han eit bruk på Frogner i heimbygda, eit bruk han kjøpte i 1908. Same året overtok han farsgarden Skjelbred.

Frå 1898 var Skilbred medlem av formannskapet i Gjerpen, ein treårsperiode var han varaordførar. Skilbred representerte Bratsberg amt og partiet Venstre på Stortinget i perioden 1898-1906. Valperioden 1910-12 var han Gjerpen krins sin mann på Stortinget, Både i den føregåande perioden, 1906-09, og dei tre etterfølgjande periodane, 1913-21, var han 1. varamann for same. Han møtte då frå 20. mars 1908 og heile 1909, og så frå 4. februar 1913 til og med 1921. Alle gongane møtte han i staden for Gunnar Knudsen. Skilbred var medlem av justiskomiteen 1898-1906 og 1910-12, og elles medlem av Lagtinget 1900-06 og av valkomiteen 1902-06. Som varamann 1908-09 var han med i sosialkomiteen, 1913-18 sekretær i justiskomite nr 2, og 1919-21 som medlem av skog- og vassdragskomiteen.

KjelderEndra