Nils J. Melhus
norsk politikar
Nils Jensson Melhus (11. mars 1839–28. februar 1912) var ein gardbrukar og stortingsmann frå Melhus i Sør-Trøndelag.
Nils J. Melhus | |||
Fødd | 11. mars 1839 Melhus kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 28. februar 1912 (72 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | politikar, bonde | ||
Alle verv |
|
Melhus var gardbrukar på farsgarden Melhus i Melhus sokn. Han var i om lag 20 år ordførar i heradet og forlikskommissær i om kring 25 år. I tillegg hadde han fleire offentlege verv på amtsnivå, mellom anna var han medlem av tilsynskomiteen for Trondheim-Tynsetbanen.
Han var 2. representant på Stortinget frå Søndre Trondhjems amt i 1883-85 og 1. representant for perioden 1889-91. I den fyrste stortingsperioden var han medlem av gasje- og pensjonskomiteen, i den andre av næringskomite nr 2 og valkomiteen.
Melhus døydde 1912 på sjukehuset i Trondheim.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Nils J. Melhus NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv