Nils Jacobsen Molland

norsk politikar

Nils Jacobsen Molland (30. september 185424. juli 1910) var ein skipper, skipsreiar, gardbrukar og politikar frå Landvik i Aust-Agder. Han var stortingsmann 1903-06 frå Nedenes amt.

Nils Jacobsen Molland
Fødd 30. september 1854
Landvik
Død

24. juli 1910

Yrke politikar, reiar

Molland var son til ein skipper og gardeigar. Han tok styrmannseksamen i 1874 og reiste same året til Frankrike for å lære fransk. Frå 1876 var han skipper og dessutan gardbrukar på Molland. I 1896 slutta han sjøen og var i staden skipsreiar og gardbrukar på heiltid. Frå 1904 var han også administrerande direktør i Grimstad fraktassuranseselskap.

Molland var ordførar i Landvik herad 1899-1904, og også ordførar i forstandarskapet til den lokale sparebanken. Perioden 1903-06 var han stortingsrepresentant frå Nedenes amt og partiet Høgre, medlem i Næringskomite nr 2. Han var av velferdsgrunnar permittert både delar av 1903/04-sesjonen og 1905/06-sesjonen, samt heile 1904/05-sesjonen.

KjelderEndra