Nils Langhelle

norsk politikar

}} Nils Langhelle (28. september 190728. august 1967), fødd i Bergen, var ein norsk politikar som representerte Arbeiderpartiet.

Nils Langhelle

Samferdsleminister Langhelle i 1947.
Fødd28. september 1907
Bergen
Død28. august 1967 (59 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
MedlemDen Norske Nobelkomite
VervNorsk arbeidsminister 1945-1946
FøregangarJohan Strand Johansen
VervNorsk forsvarsminister 1952-1954
FøregangarJens Chr. Hauge
VervStortingspresident i Noreg 1958-1965
FøregangarOscar Torp
Alle verv

Frå 1949 var han var vald inn på Stortinget som representant frå Bergen, og møtte fast fram til han døydde i 1967. Langhelle hadde allereie frå 1945 til 1949 vore vararepresentant frå sitt distrikt - og knytt nære kontaktar til Einar Gerhardsen. I 1945 blei han arbeidsminister i den første regjeringa Gerhardsen. Frå 1946 blei han utnemnd som samferdsleminister, ein post han hadde fram til 1952 då han blei forsvarsminister. Mellom 1954 og 1955 var han handels- og skipsfartsminister.

Langhelle blei vald til visepresident i Stortinget i 1955, eit verv han også hadde mellom 1965 og 1967. Då Oscar Torp døydde i 1958, blei Langhelle Stortingspresident. Det vervet hadde han fram til 1965. Nils Langhelle var òg medlem av Nobelkomiteen frå 1964 og fram til han døydde. Han var varaformann for komiteen i perioden 1965 til 1966 og formann frå 1967.

Bakgrunnsstoff endre