Nils Nilsen Vogt

norsk politikar og prest

Nils Nilsen Vogt (10. februar 17986. mars 1869) var ein norsk prest og stortingsmann fødd på Kongsberg. David Vogt var bror hans.

Nils Nilsen Vogt
Fødd10. februar 1798
Død6. mars 1869 (71 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar
MorAbigael Monrad
FarNils Johansen Vogt
BarnJens Paludan Vogt
Alle verv
  • stortingsrepresentant (1839–1841)
  • vicar
  • vararepresentant til Stortinget (1836–1838)
  • vararepresentant til Stortinget (1842–1844) Sjå dette på Wikidata

Vogt var son til ein trelasthandlar og sorenskrivar. Han vart student frå Christiania katedralskole i 1817 og cand. theol. i 1823. Etter ei tid som lærar vart han i 1825 residerande kapellan i Eiker. Tida 1830-40 var han sokneprest i Finnås, deretter 1840-56 sokneprest i Mandal. Til sist sokneprest i Eidsvoll til han døydde.

Vogt var 3. representant frå Søndre Bergenhus amtStortinget 1839. Han var sekretær i traktatkomiteen og medlem av lovkomiteen. Same året var han medlem av ein kongeleg kommisjon om handelsrettar for Kopervik. Frå 1846 medlem av reguleringskommisjonane om opphevinga av fisketiend.

Vogt døydde på Eidsvoll i 1869.

Kjelder

endre
  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914