Nils Nygaard (3. april 19323. november 2015) var ein norsk professor i juss ved Universitetet i Bergen. Han var frå Imsland i Ryfylke.

Nils Nygaard
Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. april 1932
Død

3. november 2015 (83 år)

Yrke professor
Ektefelle Jofrid Nygaard

Nygaard starta å studere juss ved Universitetet i Oslo då han var 30 år. Før dette arbeidde han mellom anna som tømmerhoggar. Han blei utdanna cand. jur. i 1967 og tok i 1974 den første juridiske doktorgraden ved UiB med avhandlinga Aktløysevurderinga i norsk rettspraksis. Nygaard si forsking har hovudsakleg vore innanfor erstatningsrett og boka Skade og ansvar er eit av standardverka innan erstatningsrett i Noreg. Han blei i 2007 tildelt målprisen av Juristmållaget for å ha vore «ein føregangsmann i å utvikla omgrepsapparatet på nynorsk i bøkene og artiklane sine».[1]

Nygaard har også gitt ut Rettsgrunnlag og Standpunkt – ein grundig gjennomgang av den metoden jurister nyttar.

Bakgrunnsstoff endre

Fotnotar endre

  1. Kjetil Linde Holo (23. mai 2007). «Målpris til jussprofessor». bt.no. Henta 23. mai 2008.