Nils Schanche

Nils Johan Christian Vibe Stockfleth Schanche (10. mars 18338. desember 1913) var ein norsk handelsmann og politikar, fødd og død i Tana. Han var stortingsmann 1877-79 frå Finnmark.

Nils Schanche
Fødd 10. mars 1833
Tana
Død

8. desember 1913 (80 år)
Tana

Yrke politikar, kjøpmann

Schanche var son til ein handelsmann i Tana. Han gjekk i skule nokre år på Tromsø middel- og realskule, sidan arbeidde han året 1850-51 i Arkhangelsk for å lære det russiske språket. Han tok over handelen i Tana etter faren, og handla også i Gamvik. Dreiv ein guanofabrikk i tillegg.

Schanche var ordførar i Tana frå 1868 til -76. På amtstinget vart han vald til å vere formann i ein komite som drøfta deling av herada Nesseby og Tana, samt i ein komite om hamneanlegg i Finnmark. Han var også medlem i ein statleg kommisjon om fiskeria i Nord-Noreg. Schanche var fyrste varamann til stortinga 1868-69 og 1874-76. Perioden 1877-79 var han vald til stortingsrepresentant for Finnmark, men møtte einast i 1877-sesjonen. Han var då medlem i Tollkomiteen.

KjelderEndra