Tana kommune

kommune i Finnmark
(Omdirigert frå Tana)
For elva kommunen har fått namn etter, sjå Tanaelva.

Tana (nordsamisk Deatnu, offisielt Tana kommune/Deanu gielda) er ein kommune i Troms og Finnmark fylke. Han grensar til kommunane Gamvik og Berlevåg i nord, Nesseby i aust, Karasjok i sør, Porsanger og Lebesby i vest, og er eit geografisk og kommunikasjonsmessig knutepunkt i Aust-Finnmark. Tana grensar også til den finske kommunen Utsjoki. Utsjoki ligg sør for Polmak og aust for Tanaelva.

Tana kommune
kommune
Tanaelva River Bridge Tana.jpg
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Troms og Finnmark
Adm.senter Tana bru
Areal 4 051,35 km²
 - land 3 893,13 km²
 - vatn 158,22 km²
Folketal 2 918 (1. januar 2020)
Norsk målform bokmål
Samisk språk nordsamisk
Ordførar Helga Pedersen[1] (Ap)
Kommunenr. 5441

Tana
70°11′47″ N 28°11′12″ E
NO 5441 Tana.svg
Wikimedia Commons: Tana
Nettstad: www.tana.kommune.no

Ein kan passera grensa ved Polmak eller over Samelandsbrua ved Roavvegieddi.

Dei viktigaste næringane i Tana er jordbruk, reindrift, bergverk, bygg/anlegg og tenesteyting. Tana er ein trespråkleg kommune der ein snakkar norsk, nordsamisk og finsk. Kommunen har fått namn etter Tanaelva, som på samisk heiter Deatnu og på finsk Teno (Storelva). Tanafjorden har òg fått namn etter elva.

HistorieEndra

Eidet mellom Tanaelva og Karlebotnmyrene ved Gollevárri er sperra av det største fangstsystemet for villrein i Noreg. Anlegget har 530 fallgraver.[2]

Kommunen blei skipa i 1837 i samband med at Formannskapslovene tredde i kraft. Fram til 1914 omfatta kommunen også Gamvik og Berlevåg. 1. januar 1964 blei nabokommunen Polmak kommune del av Tana.

GeografiEndra

Fjordar i kommunen er mellom anna Leirpollen og Tanafjorden.

Stangnestind er den høgaste toppen på Varangerhalvøya, på 724 moh.[3]

I bygda Austertana ligg den lengste sandstranda i Noreg.[3]

FolketalsutviklingEndra

Folketalsutvikling for noverande Tana kommune frå 1920:

1.12.1920[4] 1.12.1930[5] 3.12.1946[5] 1.1.1951[6][7] 1.1.1961[6][7] 1.1.1971[6] 1.1.1981[6] 1.1.1991[6] 1.1.2001[6] 1.1.2010[6]
2010 2453 2906 3041 3285 3111 3331 3232 3044 2912

Tettstad i kommunenEndra

  • Tana bru - 728 innbyggjarar per 1. januar 2017

Kjende tanaværingarEndra

FotnotarEndra

  1. Ballovara, Mette (10. oktober 2019). «Vant med én stemme – Helga Pedersen ny Tana-ordfører». NRK (norsk bokmål). Henta 10. oktober 2019. 
  2. Svein Askheim m. fleire. Tana. Store norske leksikon. Vitja 9. juli 2020
  3. 3,0 3,1 Askheim, Svein: Austertana i Store Norske Leksikon, 18. mars 2020
  4. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  5. 5,0 5,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 6,6 Folkemengd i Tana 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  7. 7,0 7,1 Folkemengd i Polmak 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  8. «Samling av innspill til veinavn innkommet gjennom høring 2008 - 2009» (PDF). Deanu gielda – Tana kommune, Utviklingsavdelingen. 5. mars 2009. «Reidar Hirsti [...] Født i Bonakas.» 
  9. Márjá-Liissá Partapuoli - Sametinget. Henta 3. mars 2019.

BakgrunnsstoffEndra

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.