Nils Grefsen Simonsen (8. juli 181520. august 1894) var ein norsk lensmann, gardbrukar og stortingsmann frå Solum i Telemark.

Nils Simonsen
Fødd8. juli 1815
Død20. august 1894
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar

Far hans var transportør. Sjølv var han kontorist hos futen i Øvre Telemark, seinare var han kontorist hos amtmannen i Jarlsberg og Larvik. Frå 1838 til 1894 var Simonsen lensmann i Sauherad. Han var medlem av heradsstyret i mange år frå 1841, og av forlikskommisjonen 1846-92.

Han var stortingsmann frå Bratsbergs amt i 1859-60. På tinget var han medlem av justiskomite nr 2. I 1874 vart han medlem av ein kongeleg kommisjon om lønene til lensmennene.

Tildelt borgardådsmedaljen i sølv.

Simonsen døydde 1894 på garden sin i Sauherad.

KjelderEndra

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914