Sauherad kommune

tidlegare kommune i Telemark fylke i Noreg
(Omdirigert frå Sauherad)

59°23′47.1″N 9°14′56.8″E / 59.396417°N 9.249111°E / 59.396417; 9.249111

Sauherad kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Telemark
Adm.senter Akkerhaugen
Areal 321 km²
 •  land 292 km²
 •  vatn 29 km²
Målform nøytral
Ordførar Mette Haugholt (Ap)
Kommunenr. 0822
Kart
Sauherad
59°26′00″N 9°15′55″E / 59.433333333333°N 9.2652777777778°E / 59.433333333333; 9.2652777777778
Kart som viser Sauherad kommune.
Kart som viser Sauherad kommune.
Kart som viser Sauherad kommune.
Wikimedia Commons: Sauherad
Nettstad: www.sauherad.kommune.no
Sauherad kyrkje
Foto: Trond Strandsberg
Gvarv stasjon
Foto: Trond Strandsberg

Sauherad kommune var ein kommune aust i Telemark fylke. Kommunen grensa til Nome i sør-vest, i vest, Notodden i nord, Kongsberg i aust og Skien i sør-aust. 1. januar 2020 slo kommunen seg saman med med namnet Midt-Telemark kommune.[1]

Kommuneadministrasjonen var på Akkerhaugen, som låg sentralt i kommunen. Høgste punkt var Narefjell på 815 moh.

Geografi

endre

Sauherad ligg kring nordenden av Norsjø og strekker seg nordover dalføra langs Sauaelva i nordaustleg retning Heddal og Gvarvelva i nordvestleg retning Bø. Heradet var frå gamalt av delt inn i to kyrkjesokn, Saude (seinare Sauherad) i aust med bygdelaga Hjuksebø, Vårheim, Nordagutu og Akkerhaugen, og Nes i vest med bygdelaga Gvarv, Stranna og Sætersbø. Sauherad blir saman med Bø og Nome kommunar rekna til Midt-Telemark, og desse tre kommunane har fleire samtenester.

Næringsliv

endre

Sauherad er ein typisk jordbrukskommune og er særleg kjend for epledyrking. Over fire femdelar av fruktarealet i fylket ligg i Sauherad.[2]

Skulestruktur og -sentralisering

endre

Sauherad hadde frå gamalt av ein desentralisert skulestruktur med skular i nær sagt kvar husklynge i heradet, frå 1920-talet var det tolv skular til saman. På 60-talet vart det noko sentralisering, men framleis var det 9-10 skular til frampå 1980-talet. Dei seinaste tiåra har det vore følgjande skular i kommunen: Akkerhaugen, Gvarv, Hjuksebø, Nordagutu, Sauar (lagt ned 1994, frå 1996 Sauar friskole), Sunds (lagt ned 1994) og Sætersbø (lagt ned 2001), og Sauherad ungdomsskole. Etter ein opprivande strid, vert dei resterande kommunale skulane sentraliserte til Gvarv frå hausten 2013.

Målstoda

endre

Dialekten i Sauherad ligg i grenseland mellom Austlandsk og Midlandsmål. Sørover går dialektane over i Grenlandsmål, medan ein nordover finn typiske Aust-Telemål i Bø og Heddal. Denne grensa har gradvis flytta seg nordover i Telemark, i fyrste rekkje grunna etablering av jarnbane og industri i ein rekkje tettstader, så òg i Sauherad. Då nynorsken vart ført inn i skulane fram mot Andre verdskrigen vart Sauherad målkløyvd, av di fire (av tolv) krinsar heldt på bokmålet. Desse var Haukvik, Moen og Sauar i Sauar sokn, og Stranna i Nes sokn, såleis vart omkring ein tredel av elevane verande med bokmålet. Slik var meir eller mindre stoda til utpå 1980-talet, då framleis sju av ti skular heldt på nynorsken. I denne tidsbolken vart fleire åtak frå bokmålet slått attende og nynorsken vann jamvel einskilde krinsrøystingane i samband med samanslåingar av krinsar med bokmålsskular.

Dei seinaste tiåra har det derimot vore ein stendig attergang for nynorsken, sidan 1981 har målet tapt alle dei fem målrøystingane i krinsane, og med det seinaste tapet i 2013 er nynorsk etter alt å dømme på veg ut av Sauherad som skulemål.

Kjende folk frå Sauherad

endre

Fotnotar

endre
  1. «Navn på nye kommuner», Regjeringen.no (på norsk), 3. januar 2020, henta 4. januar 2020 
  2. «Sauherad». Store Norske Leksikon. Henta 7. mai 2013. 

Bakgrunnsstoff

endre