Nils Trondsson Thune
(Omdirigert frå Nils Trondsen Thune)
Nils Trondsson Thune (11. august 1835–29. desember 1879) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Vang i Oppland. Helge N. Thune var sonen hans.
Nils Trondsson Thune | |||
| |||
Fødd | 11. september 1835 Vang | ||
---|---|---|---|
Død | 29. desember 1879 (44 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | politikar, bonde | ||
Barn | Helge N. Thune, Nils Nilsen Thune | ||
Alle verv |
|
Thune tok over farsgarden Tune i 1855. Sidan var han gardbrukar der til han døydde. Han var medlem av heradsstyret i Vang frå 1862, og vart omgåande vald til ordførar. Dette ombodet hadde han til 1877, same året som han trekte seg frå forlikskommisjonen etter sju års teneste.
Thune representerte Kristians amt på Stortinget 1871-76. Åra 1871-74 var han medlem av justiskomite nr 2, 1875-76 av justiskomiteen. Thune vart hausten 1879 vald til 2. representant til Stortinget frå valkrinsen sin. Før året var omme, døydde han på garden sin i Vang.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Nils Trondsson Thune NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv