Nils Trulsson Bru (15. mars 177615. juni 1823) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Mosterøy i Rogaland.

Nils Trulsson Bru
Fødd 15. mars 1776
Mosterøy
Død

15. juni 1823
Mosterøy

Yrke bonde, politikar

Bru var fødd på garden med same namn, og tok i si tid over farsgarden i Mosterøy. Han var 3. representant frå Stavanger amtomframstortinget i 1814, og vald til 1. representant frå amtet til Stortinget 1815-16. Det sistnemnde valet vart forkasta med 74 mot 10 røyster, då han var under tiltale frå lovverket. 22. april 1816 vart Bru frikjend ved dom i underretten. Aktor som hadde lagd ned påstand om straff på «ære og liv» vart dømd til å betale ei bot 10 riksdalar.

Bru var 2. representant på Stortinget 1821 og omframstortinget 1822 for same valkrinsen som før. Han var i 1821 medlem av åtte komitear. Mellom dei om fisket ved Skudenes, om hummarfisket, sildehandelen i Bergen, brennevinslova, brennevinsbrenning på landet og formannskapslova.

Bru døydde 1823 på garden sin i Mosterøy.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra