Skudenes

tidlegare kommune i Rogaland fylke i Noreg

Skudenes er ein tidlegare kommune i Rogaland fylke. Kommunen vart oppretta som Skudenes formannskapsdistrikt i 1837.

Skudenes fyr

I 1849 vart distriktet delt i Skudenes og Bokn formannskapsdistrikt.

1. februar 1858 vart Skudeneshavn skild ut som eigen kommune.

1. januar 1892 vart Åkra skild ut som eigen kommune.

1. januar 1965 vart Skudenes, Avaldsnes, Kopervik, Skudeneshavn, Stangaland, Torvastad og Åkra slegne saman til den nye Karmøy kommune.