Nina Hagen

tysk songar

Nina Hagen (fødd 11. mars 1955) er ein tysk songar.

Nina Hagen

Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 11. mars 1955 (69 år)
Aust-Berlin
Yrke songar, filmskodespelar, låtskrivar, programleiar, stemmeskodespelar, plateartist
Språk tysk
Medlem av Nina Hagen Band, Automobil
Religion Hinduismen, Protestantisme
Far Hans Oliva-Hagen
Mor Eva-Maria Hagen
Nettstad http://www.ninahagen.com/
Nina Hagen på Commons

Ho blei fødd som Catharina Hagen i Aust-Berlin. Faren Hans Hagen (Hans Oliva) var manusforfattar og mora Eva-Maria Hagen skodespelar og songar. Faren sin foreldre, begge jødar, var blitt drepne i konsentrasjonsleiren Sachsenhausen.

Nina Hagen opptrer i Ålborg.
Foto: Tomasz Sienicki, 2003
Optreden i 1988.

Foreldra skilde lag då Catharina Hagen var to år gammal, og ho såg faren berre sjeldan i oppveksten. Då ho var elleve gifta mora seg med Wolf Biermann, ein artist med opprørske idear som påverka henne. Som tolvåring blei ho utvist frå den offiselle sosialistiske ungdomsorganisasjonen Freie Deutsche Jugend, og blei i staden med på politiske protestar mot dei austtyske styresmaktene. Frå ho var seksten framførte Hagen musikk med fleire grupper.

Etter at Wolf Biermann blei nekta å koma inn i Aust-Tyskland igjen etter å ha vitja Vest i 1976 blei, flytta også kona og stedottera etter. Hagen vitja London og blei kjend med pønkarar som The Slits og Sex Pistols. Ho grunnla Nina Hagen Band i 1977, og debutalbumet deira frå 1978 fekk merksemd både i Aust-Tyskland og i utlandet. Gruppa hadde ein hardrockstil medan Hagen veksla mellom ein vakker operaaktig songstil og meir gjennomtrengande hyl.

Diskografi

endre
  • 1978 Nina Hagen Band
  • 1979 Unbehagen
  • 1981 Nunsexmonkrock
  • 1983 Angstlos
  • 1984 Fearless
  • 1985 In Ekstasy
  • 1985 In Ekstase
  • 1988 Nina Hagen
  • 1991 Street
  • 1993 Revolution Ballroom
  • 1995 Freud Euch
  • 1996 Beehappy
  • 1999 Om Namah Shivay
  • 2000 Return Of The Mother
  • 2002 Live in Krefeld
  • 2002 Om Namah Shivay / 1008 Indian Nights Live
  • 2003 Nina Hagen Big Band Explosion
  • 2006 Irgendwo Auf Der Welt
  • 2010 Personal Jesus
  • 2011 Volksbeat

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Nina Hagen
  Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.