Nina Andrejevna Statkevitsj (fødd 16. februar 1944) er ein russisk tidlegare skeiseløpar, fødd i Leningrad, som representerte Sovjetunionen og vart europameister 1970 og 1971, samt verdsmeister i 1971.

Nina Statkevitsj

Statsborgarskap Sovjetunionen, Russland
Fødd 16. februar 1944 (80 år)
St. Petersburg
Yrke skøyteløpar
Språk russisk
Nina Statkevitsj på Commons

Statkevitsj fekk sitt internasjonale gjennombrot i 1970-sesongen. Ho gjekk då heilt til topps i den aller fyrste europameisterskapen for kvinner, avvikla i Heerenveen, og ho vart nummer to i den aller fyrste verdsmeisterskapen i sprint, ein meisterskap som fann stad i West Allis i USA, der landskvinna Ljudmila J. Titova vart historisk som den fyrste sprintverdsmeisteren på skeiser. I 1971 forsvarte ho på heimebane i Leningrad EM-tittelen og ho vann også laurbærkransen under Skeise-VM 1971 i Helsinki. Statkevitsj tok andreplassen i Skeise-EM 1972 i vesttyske Inzell, slått einast av Atje Keulen-Deelstra frå Nederland. Seinare deltok ho i Vinter-OL 1972 i Sapporo, med femteplassar på 1000 m og 3000 m som fremste prestasjonane. Vinteren 1973 vart Statkevitsj nummer tre i EM på Brandbu og nummer fire i Skeise-VM. Året etter tok ho stega opp til andreplass i europameisterskapen og tredjeplass i verdsmeisterskapen i firkamp, medan ho kom på femteplass i sprint-VM. I si siste internasjonale deltaking, Vinter-OL 1976 i Innsbruck, hamna ho langt nede på resultatlistene.

Kjelder endre