Nitzan
Nitzan (hebraisk skrift ניצן, tyder Knopp) er ein religiøs fellesbusetnad sør i Israel. Han ligg mellom Nitzanim-sanddynene nord for Ashkelon og høyrer til Hof Ashkelon regionale kommune. I 2007 var folketalet 3 000. Byen har mange Bnei Menashe (10 -20% av folkesetnaden), frå det indiske-myanmarske grenseområdet i India.
Nitzan | |||
fellesbusetnad | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Den sørlege kystsletta | ||
Distrikt | Det sørlege distriktet | ||
Kommune | Hof Ashkelon | ||
Koordinatar | |||
Folketal | 3 000 | ||
![]() Nitzan | |||
Wikimedia Commons: Nitzan | |||
HistorieEndra
Den første busetnaden som låg her var kibbutzen Nitzanim i 1943. Kibbutzen vart grunnlagd etter Jewish National Fund kjøpte landområdet og eit stort hus som berre vart kalla «herskapshuset» i 1942.[1] Dei første innbyggjarane var immigrantar, somme var Holocaust-overlevande. Han tok seinare i mot fleire immigrantar frå Polen og Romania. Kibbutzen vart erobra av Egypt under den arabisk-israelske krigen i 1948, men teken attende av Israel mot slutten av krigen. Kibbutzen vart så flytta fleire kilometer lenger sør.
I 1995 hadde Nitzan eit folketal på 105. Han opplevde ein stor vekst i midten av 2000-åra då fleire familiar flytta hit då dei vart evakuerte frå Gush Katif under den israelske tilbaketrekkinga frå Gaza. 500 mobile heimar vart bygd aust i Nitzan (eit område som vart kalla Nitzan Bet).
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Nitzan» frå Wikipedia på engelsk, den 10. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Women of Valor Sentral - Nitzanim Arkivert 2007-10-06 ved Wayback Machine. Society for the Preservation of Israel Heritage sites