No Reply at All
Singel av Genesis
frå albumet Abacab
B-side Naminanu / Dodo
Utgjeve 9. september 1981
Innspelt 1981
Sjanger Poprock
Lengd 4:40 (album)
4:00 (amerikansk singel)
Selskap Charisma/Virgin (Storbritannia)
Atlantic (USA)
Låtskrivar(ar) Tony Banks, Phil Collins, Mike Rutherford
Produsent Genesis
Genesis-kronologi
«Abacab»
(1981)
No Reply at All «Keep It Dark»
(1981)


«No Reply at All» er ein song av det britiske bandet Genesis, frå albumet deira Abacab.

StrukturEndra

Det vert mykje blåsarar på songen, slik Phil Collins hadde gjort på solosongen «I Missed Again», som vart spelt inn omtrent samstundes. Blåsarane vart arrangerte av Tom Tom 84 (Thomas Washington som arrangerte for Earth, Wind & Fire) og spelt av musikarane i det bandet. Songen tar eit steg i retning popmusikken som Genesis laga mykje av i 80-åra, men inneheld òg element frå fortida deira med komplekse, melodiske bassriff og synthesizer.

Songen vart gjeven ut som den første singelen frå Abacab i USA og nådde Topp 30 hausten 1981.

Songen vart framført live av Phish som ei hyllest til Genesis under innsetjingsseremonien i Rock and Roll Hall of Fame 2010.

MusikkvideoEndra

Musikkvideoen består berre av bandet. Kamera går kring bandet medan dei spelar delane sine på ei øving.

MedverkandeEndra

SalslisterEndra

VekeslisterEndra

Liste (1981–82) Plassering
Canadian RPM Singels Chart[1] 7
U.S. Billboard Hot 100 29
U.S. Top Rock Tracks[2] 2
U.S. Cash Box Top 100[3] 28

ÅrslisterEndra

Liste (1981) Plassering
Canada[4] 44

KjelderEndra

  1. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 18. mars 2020. 
  2. «Genesis - Abacab». AllMusic. Henta 18. mars 2020. 
  3. «Archived copy». Arkivert frå originalen 5. januar 2015. Henta 18. mars 2020. 
  4. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 18. mars 2020. 

BakgrunnsstoffEndra