Songen Abacab
Singel av Genesis
frå albumet Abacab
B-side Another Record
Utgjeve 14. august 1981
Innspelt Mai og juni 1981 i The Farm i Surrey
Sjanger Progressiv rock, elektronisk rock, new wave
Lengd 7:02 (album)
4:10 (britisk singel)
3:59 (amerikansk singel)
Selskap Charisma/Virgin (Storbritannia)
Atlantic (USA)
Låtskrivar(ar) Tony Banks, Phil Collins, Mike Rutherford
Produsent Genesis
Genesis-kronologi
«Misunderstanding»
(1980)
Songen Abacab «No Reply at All»
(1981)


«Abacab» er ein song av det britiske rockebandet Genesis, som kom ut 14. august 1981 som singel. Songen er skriven av Tony Banks, Phil Collins og Mike Rutherford, og vart gjeven ut på Genesis-albumet med same namn. Songen var den andre singelen frå albumet i USA og nådde 26. plassen på Billboard Hot 100 tidleg i 1982. Han låg inne på Topp 40 i 6 veker. Han nådde 9. plassen i Storbritannia.[1]

Tittelen er henta frå stukturen til ein tidlegare versjon av songen. Gitarist Mike Rutherford forklarte i eit intervju at dei kalla dei forskjellige delane av songen A, B og C og at på eit tidspunkt, når dei forskjellige delane var sett saman, så vart dette A-B-A-C-A-B. Rutherford sa vidare at songen ikkje lenger følgde dette formatet.

Songen vart mykje spelt på Abacab-turneen til bandet i 1981 og kom ut på Three Sides Live i 1982. Han vart òg spelt på konsertar utover i 1980-åra.

SalslisterEndra

Liste (1981–82) Plassering
Australia (Kent Music Report)[2] 35
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[3] 36
Kanadiske RPM Singels Chart[4] 11
US Billboard Hot 100[5] 26
Noreg (VG-lista)[6] 8
South Africa (Springbok Charts)[7] 3
UK Singles (Official Charts Company)[8] 9
Tyskland (Media Control AG)[9] 28

MedverkandeEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra