Nodeland
Nodeland er ein tettstad i Kristiansand kommune i Agder fylke med 3 658 innbyggjarar per 1. januar 2017. Fram til 2020 var staden kommunesenter i tidlegare Songdalen kommune i Vest-Agder fylke.
Nodeland | |||
stad | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Agder | ||
Kommune | Kristiansand | ||
Areal | 1,9 km² | ||
Folketal | 3 658 (2017) | ||
Folketettleik | 1 925 / km² | ||
Postnummer | 4645 NODELAND | ||
![]() Nodeland | |||
Wikimedia Commons: Nodeland | |||
Riksveg 461 og Sørlandsbanen går gjennom bygda, og Nodeland er ein stasjon på Sørlandsbanen. Bygda ligg om lag 7 kilometer vestom bysenteret i Kristiansand. Frå Nodeland går det fylkesveg nordaustover til tettstaden Nodelandsheia.
