Noguera Ribagorzana

(Omdirigert frå Noguera Ribagorçana)

Noguera Ribagorzana (spansk) eller Noguera Ribagorçana (katalansk) er ei elv nord i Spania. Ho er 133 km lang og det meste av elva dannar grensa mellom Catalonia og Aragon. Ho spring ut i kommunen Vielha e Mijaran (Arandalen) i om lag 2400 meter over havet, og den øvre dalen er ein del av hovudvegen til Arandalen og Vielhatunnelen. Ho renn gjennom det historiske Ribagorça og byen Pont de Suert (Alta Ribagorça). To demningar har danna to store reservoar, Escales nedanfor Pont de Suert og Canelles ovanfor Ivars de Noguera (Noguera). Noguera Ribagorçana munnar ut i Segre frå høgre i Vilanova de la Barca (Segrià).

Noguera Ribagorzana
elv
Land  Spania
Nedslagsfelt 2 036 km²
Lengd 133 km
Middelvassføring 21,7 /s
Kjelde Vielha e Mijaran
 •  høgd 2 400 moh.
Munning Segre
Kart
Noguera Ribagorzana
42°37′36″N 0°42′21″E / 42.6267°N 0.7058°E / 42.6267; 0.7058
Wikimedia Commons: Noguera Ribagorçana

Elva har eit nedslagsfelt på 2036 km².

Kjelder

endre

42°37′36″N 0°42′21″E / 42.62667°N 0.70583°E / 42.62667; 0.70583