Noguera Ribagorzana
Noguera Ribagorzana (spansk) eller Noguera Ribagorçana (katalansk) er ei elv nord i Spania. Ho er 133 km lang og det meste av elva dannar grensa mellom Catalonia og Aragon. Ho spring ut i kommunen Vielha e Mijaran (Arandalen) i om lag 2400 meter over havet, og den øvre dalen er ein del av hovudvegen til Arandalen og Vielhatunnelen. Ho renn gjennom det historiske Ribagorça og byen Pont de Suert (Alta Ribagorça). To demningar har danna to store reservoar, Escales nedanfor Pont de Suert og Canelles ovanfor Ivars de Noguera (Noguera). Noguera Ribagorçana munnar ut i Segre frå høgre i Vilanova de la Barca (Segrià).
Noguera Ribagorzana | |||
elv | |||
Land | Spania | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 2 036 km² | ||
Lengd | 133 km | ||
Middelvassføring | 21,7 m³/s | ||
Kjelde | Vielha e Mijaran | ||
• høgd | 2 400 moh. | ||
Munning | Segre | ||
Noguera Ribagorzana 42°37′36″N 0°42′21″E / 42.6267°N 0.7058°E | |||
Wikimedia Commons: Noguera Ribagorçana |
Elva har eit nedslagsfelt på 2036 km².
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Noguera Ribagorzana» frå Wikipedia på engelsk, den 30. april 2009.