Nokdim (hebraisk skrift נוֹקְדִים, tyder Gjetarar) er ein fellesbusetnad og israelsk busetjing på den okkuperte Vestbreidda, sør for Betlehem og nord i Judeafjella. Det er eit blanda samfunn av sekulære og religiøse innbyggjarar, både innfødde israelarar og immigrantar med eit folketal på 1 308 (2009). Han er underlagt Gush Etzion regionale kommune.[1]

Nokdim
נוֹקְדִים
landsby
Land  Vestbreidda
Region Vestbreidda
Distrikt Judea- og Samaria-området
Kommune Gush Etzion
Koordinatar 31°38′38″N 35°14′41″E / 31.64389°N 35.24472°E / 31.64389; 35.24472
Folketal 1 308  (2009)
Grunnlagd 1982
Kart
Nokdim
31°38′38″N 35°14′41″E / 31.643888888889°N 35.244722222222°E / 31.643888888889; 35.244722222222
Wikimedia Commons: Nokdim

Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.[2]

Historie endre

Nokdim vart grunnlagd den 5. juli 1982 av innbyggjarar frå Tekoa. Busetjinga heitte opphavleg El-David til minne om to innbyggjarar frå Tekoa - Eli Pressman, ein immigrant frå Frankrike som vart drepen i den libanesiske krigen i 1982, og David Rosenfeld, som styrte turiststaden ved Herodium og som vart myrda i juli 1982 av to av sine palestinske tilsette. Namnet vart avvist av styresmaktene som føreslo Nokdim. Dette vart godteke av innbyggjarane.[3]

Namnet er henta frå bibelverset Amos 1:1, fordi Amos var blant gjetarane i Tekoa.[4]

Kjelder endre

  1. «Settlements list». Peace Now. Arkivert frå originalen 18. juli 2011. Henta 1. april 2011. 
  2. «The Geneva Convention». BBC News. 10. desember 2009. Henta 27. november 2010. 
  3. Michael Feige (2009). Settling i hearts. Jewish fundamentalism i occupied territories. Wayne State University Press. s. 77. ISBN 978-0-8143-2750-0. Henta 1. april 2011. 
  4. Hanna Bitan (2000). (1948–1998) Hamishim shenot hityashvut. Atlas shemot ha-yishuvim veha-mekomot be-Yisrael (1948-1998: Fifty Years of 'Hityashvut': Atlas of Names of Settlements and Places i Israel) (på hebraisk). Government of Israel, Karta, Jerusalem. s. 46. ISBN 965-220-423-4.