Nominasjonane til Nordisk råds litteraturpris frå Grønland
Nominasjonar til Nordisk råds litteraturpris frå Grønland har sidan 1985 blitt gjort av den grønlandske forfattarforeininga Atuakkiortut.
Sidan 1962 har Nordisk råd årleg delt ut Nordisk råds litteraturpris for eit litterært verk skrive på eitt av dei nordiske språka. Frå starten i 1962 vart det årleg nominert to bøker frå kvart av landa Danmark, Finland, Island, Noreg og Sverige. Frå 1985 kan det òg nominerast ei bok årleg frå Færøyane, Grønland og det samiske språkområdet når det er aktuelle kandidatar.
Bøkene som vert nominert, vert omsett til eitt av dei skandinaviske språka norsk, svensk eller dansk om dei ikkje er det allereie. Den skandinaviske tittelen står i parentes i lista under.
Nominasjonar
endre1991 | Hans Anthon Lynge for Nunanni Avani (I mitt land mot nord) |
1992 | Frederik Nielsen for Nunaga siunissat qanoq ippa? (Mitt land, hvordan ser din fremtid ut?) |
1993 | Mariane Petersen for Taallat: niviugak aalakoortoq allallu (Den berusede flue og andre dikt) |
1994 | Frederik Kristensen for Blandt mennesker mig nærmest |
1995 | |
1996 | |
1997 | Karl Siegstad for Iluliarsuit Oqquanni (I ly bak isfjellene) |
1998 | Aqqaluk Lynge for Isuma (Synspunkt) |
1999 | Ole Korneliussen for Uumasoqat (Det andre dyret) |
2000 | Jørgen Fleischer for Seeredaaq allallu (Seeredaaq og de andre) |
2001 | Hans Anthon Lynge for romanen Allaqqitat (bekjennelser) |
2002 | Ole Korneliussen for Saltstøtten |
2003 | Kelly Berthelsen for novellesamlinga Tarningup ilua (En sjels innerste kammer) |
2004 | Kristian Olsen Aaju for diktsamlinga Oqaatsit Nunaat - Ordenes Land |
2005 | |
2006 | Julie Edel Hardenberg for Den stille mangfoldighed, bildpoesi |
2007 | |
2008 | |
2009 | Mâgssánguaq Qujaukitsoq, for diktsamlinga Sisamanik teqeqqulik |
2010 | |
2011 | Kristian Olsen Aaju for Kakiorneqaqatigiit |
2012 | Tungutaq Larsen for diktsamlinga Nittaallatut |
2013 | Mariane Petersen for diktsamlinga Piniartorsuit kinguaavi |
2014 | Juaaka Lyberth for romanen Naleqqusseruttortut |
2015 | Niviaq Korneliussen for romanen HOMO sapienne |
2016 | Sørine Steenholdt for novellesamlinga Zombieland (Zombiet Nunaat) |
2018 | Magnus Larsen for sjølvbiografien Illinersiorluni ingerlavik inussiviuvoq |
2019 | Pivinnguaq Mørch for Arpaatit qaqortut, noveller og dikt |
2020 | |
2021 | Niviaq Korneliussen for romanen Naasuliardarpi (Blomsterdalen)[1] |
2022 | Jessie Kleemann for diktsamlinga Arkhticós Dolorôs |
Kjelder
endre- ↑ «Niviaq Korneliussen | Nordiskt samarbete». www.norden.org (på svensk). Henta 25. februar 2021.
- Denne artikkelen bygger på «Nomineringar till Nordiska rådets litteraturpris från Grönland» frå Wikipedia på svensk, den 26. oktober 2022.
Bakgrunnsstoff
endre- Nominerte 1962-2011. Arkivert nettside.